Vandring på «Gamleveg» i Vrådal
Vrådalsdagen som skulle vore laurdag 4. juli, vart avlyst i år på grunn av koronasituasjonen.
I staden inviterer Vrådal vel til vandring på «Gamleveg» denne laurdagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Frammøte er ved tidlegare Vrådal vegstasjon midt på dagen og det blir tatt omsyn til smittevernreglane, seier arrangør.
«Gamleveg» var den einaste ferdselsåra over Heia frå Vrådal til Kviteseid og var eit lite avsnitt av bispens rideveg frå Stavanger til visitas i Kviteseid og Seljord. Undervegs på vandringa vil Jon Ingebretsen fortelje om fleire interessante stader som har ei rik historie som ferdselsveg om lag frå bronsealderen og heilt fram til 1857 då nyvegen rv. 41, sto ferdig.
Vanleg turklede og godt fottøy er lurt å ha på seg. Turen er om lag fire kilometer og blir avslutta ved Kviteseid Bygdetun, som held ope med gratis inngang og eventuell omvising. Det blir ordna med transport tilbake til Vrådal.