Ven vårkonsert
Kulturskulen i Tokke heldt vårkonsert på Elvarheim denne veka. Mange unge musikalske talent stod på scenen og presterte godt.
Kulturskulerektor Kristine Rønning introduserte vårens konsertmusikarar. I tillegg til musikalske innslag blei det også vist fram kunst som kulturskuleelevane har laga.
Piano, gitar, flyte, fiolin, hardingfele, baryton og tromme er berre nokre av instrumenta som blei nytta på Elvarheim-scenen torsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Farvel til kulturskulen
For ein av kulturskuleevane blei kvelden ekstra spesiell. Inger Synøve Kovajord Hommo har vore med lenge, og i fjor vann ho draumestipendet for si vakre songstemme.
– Eg starta med Zbigniew Radziej som lærar. Då han gjekk bort ville eg gjerne har Svetlana Sheytanova som lærar. Eg var litt bekymra fordi eg trudde ho var himla streng. Men etter kvart har me blitt så nære kvarandre at ho nesten er som ei storesyster å rekne. Eg kjem til å sakne ho, sa ei rørt ungjente før ho avslutta heile konserten med Adeles «Don’t You Remember».