Kyrkjas rolle: Harald Hegstad fortalde om kyrkjas rolle i eit mangfaldig samfunn med mange ulike livssyn.

Verdiseminaret: Kvar går grensa mellom livssynsnøytralitet og livssynsopenheit?

Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad frå Oslo var ein av dei som heldt innlegg under årets Verdiseminar på Vinjehuset laurdag. Der kom det fram mange aspekt ved det å vere livssynsnøytral samanlikna med å vere livssynsope.

Sidan 2004 har dette seminaret, som er eit samarbeid mellom Vinje kommune og diakonen i Vest-Telemark, vore ein arena der ein kan dele tankar utan å vere for skarp eller bombastisk. Målet er å skapa ein plass for undring, der ein kan nærme seg vanskelege tema på ein respektfull måte. Dette er ein del av visjonen med seminaret, noko diakon Eilev Erikstein også understreka.

— Eg håpar at me med dette seminaret skaper ein møteplass for ulike oppfatningar, og at me kan tumle litt om verdiar, skape rom for undring og nærme oss ein konklusjon utan å vera nedlatande eller ekskluderande ovanfor nokon, sa Erikstein då seminaret nærma seg slutten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vitskap versus tru

— I dag har me eit veldig mangfaldig samfunn, der dei ulike livssyna lever tett på kvarandre. Det er ein flora av ulike livssyn og religionar, noko som ikkje alltid har vore tilfelle. I byrjinga av menneskets historie var dei ulike livssyna isolerte frå kvarandre, men med migrasjon vart ulike livssyn eksportert til nye kulturar og område. Nye livssyn har oppstått og gamle har forsvunne. Er så livssynsnøytralitet og livssynsopenheit det same? Nei, det er det ikkje, meiner eg. Staten er livssynsnøytral, og yrkesutøvinga til folk flest er livssynsnøytral, innleia Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven seminaret med.

Kleven tala også om vitskap og overtru. Kva er overtru, tru og myte til dømes? Vitskapen gjev ikkje trøyst og håp, og tru utan kjærleik er overtru, hevda han.

– Men å vere eit livssynsope samfunn inneber også å kome med kritikk og debatt, avslutta Kleven innlegget sitt med.

Kyrkja som samfunnsaktør

I 2017 vart Den norske kyrkja skild frå staten. Staten er i dag per definisjon livssynsnøytral. Men kva med kyrkja, som står på eigne bein? Skal ho vere livssynsnøytral eller livssynsope? Kva rolle skal kyrkja spele i dagens samfunn? Dette var spørsmål Harald Hegstad diskuterte i sitt innlegg.

– Me har i dag eit livssynsope samfunn, der Den norske kyrkja har bestemt seg for ikkje berre å tolerere, men også anerkjenne andre livssyn. Samstundes har kristendomen ein stor plass i det norske samfunnet. Med tanke på dei kristne tradisjonane og samfunnsrolla me har hatt, må me ta vår plass. Framleis ønskjer me å vere ein samfunnsaktør, til dømes i kriseteam etter ulike kriser i menneskes enkeltliv eller i samfunnskriser, som når ein diakon er med i eit kriseteam, utdjupa Hegstad.

Religion på avvege

Kultursjef Kristian Rantala i Vinje kommune fortalde litt om sine nyfikne år, då han sette seg føre å lese heile Bibelen og lære om kristendomen. Han fann nokre svar, men fekk også fleire spørsmål etter dette og oppfattar seg som livssynsnøytral i handling, men som livssynsopen i tankane.

– Eg er van med å diskutere livssyn i familien min frå ung alder. Eg var FN-soldat i Kosovo ei stund, og det gjorde sterkt inntrykk. Der møtte eg både truande kristne og muslimar i vanskelege situasjonar. Men historia syner oss også at å ha eit sterkt og ekskluderande livssyn gjev massesuggesjon som fører til store vanskar i samfunnet. I dag har eg ikkje noko religion eg trur på. Eg meiner at det er skilnad på å vere livssynsnøytral og livssynsopen, og me treng begge delar, sa Rantala.

– Me må også anerkjenne skuggesidene ved kristendomen, det som ikkje har vore bra, sa også Hegstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kyrkjeverje i Tokke, Bjørnar Christensen, og prost Asgeir Sele avslutta seminaret.

– Som kyrkjeverje må eg vere livssynsopen. Eg må akseptere at andre ikkje har same syn på livet som kyrkja. Folk kjem til meg og vil ha hjelp, og då må eg vere livssynsnøytral og møte dei på deira premiss. Difor har ein i dei seinare år diskutert å ha eit livssynsnøytralt rom i kommunen, svarte Christensen.

– Eg synest dette har vore eit fint verdiseminar, som vanleg. Der me løftar opp tankar utan å vere nedsettande og trykke andre syn ned, oppsummerte Sele Verdiseminaret med.

Store liner: Ordførar Jon Rikard Kleven opna seminaret med å dra dei store linene i livvsynshistoria til mennesket.
Musikk: Det var musikkinnslag med kantor Robertas Lamsodis og Ragnhild Stigen under seminaret.
Dagens bidragsytarar: Frå venstre: Asgeir Sele, Jon Rikard Kleven, Harald Hegstad, Kristian Rantala og Bjørnar Christensen.