Ingebjørg Bratland kjem til Bø: Laurdag spelar Bratland konsert i amfiet utanfor Gullbring under Telemarkfestivalen.
Isabel Watson
Vesttelane pregar Telemarkfestivalen
Frå torsdag til sundag blir Telemarkfestivalen halden i Bø med eit breitt spekter av artistar på scenen frå Vest-Telemark.
Denne veka er endeleg arrangørane av den 31. utgåva av Telemarkfestivalen klare for festival, vel vitande om at pandemien ikkje er over heilt enno.
– Me vil gjere det me kan for at alle som er involverte i gjennomføringa av festivalen – leiinga, frivillige, artistar – og ikkje minst publikum – kan føle seg trygge undervegs, melder Kristoffer Mosfjeld frå festivalleiinga.
Torsdag blir den fasinerande historia om Ingerine og Gurine Schewenius i framsyninga om Rui-jentene med Hæge Manheim og Inger Merethe Johnsen i hovudrollene vist på Gullbring kulturanlegg. Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Aasmund Nordstoga vil framføre dikt av Robert Burns omsett til vestteledialekt av Peter Fjågesund i konserten «For alt som ein gong va’» i kulturanlegget. I tillegg blir det konsert i Bø kyrkje og quiz på utestaden Bull in.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP