Sie Gubba: Sie Gubba spelar på Dalsmarken laurdag. Då vil dei gjerne ha med seg ei lokal røyst på ein av songane.
Sie Gubba
Vil ha med seg lokal røyst på scena laurdag. – Det må gjerne vera amatørar
Sie Gubba spelar på Dalsmarken laurdag, og håpar å få med ei lokal kvinnerøyst på duetten Så kom du.
Bandet har som tradisjon å etterlyse ei lokal jente for å vera med på songen når dei er rundt om på spelejobb. Magne Almås, gitarist i Sie Gubba, fortel at det plagar å vera eit populært innslag, og at dei førre veke hadde 7 000 med på allsong på Så kom du.
Føremålet med duetten er å lyfte fram lokale artistspirer, ved å gje dei ei plattform.
– Me vil ha med vanlege folk. Det må gjerne vera amatørar, me vil få fram nye talent, seier Almås.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP