Vinje Art Camp: Anne Lene og Hans Willemsen har opna Vinje Art Camp i Smørklepp, Vinje.

Vinje Art Camp i Smørklepp. – Naturen her er ikkje normal. Dei fjella, og det nydelege landskapet

Ved gamle E76 i Smørklepp ligg landhandelen der kunstnarane Sørensen og Kihle ein gong var faste kundar. – Ja, dei handla avisa her, og det var dei som stimulerte til bygging av bui, fortel kunstnarparet Anne Lene og Hans Willemsen.

Det er ein gloheit junidag og berre to dagar att til Anne Lene og Hans skal opne dørene for publikum. Dei har kjøpt landhandelen, og både vinter og vår har gått med til å gjere bui klar til å ta imot folk i alle aldrar som er interesserte i kunst, natur – eller rett og slett ei god samtale.

Me svingar av frå E134, og ser straks store, gråfrosta glasruter med «Vinje Art Camp» og eit vakkert villreinmotiv. Både namnet og fasaden gjev ei kjensle av noko urbant og moderne, men på innsida møter me eit lokale fullt av sjel og historisk sus. Raud murstein, gjenbrukspanel, gamle dører.

– Ein stad måtte eg sette inn ei ny dør, men den har eg behandla så den ser ut som dei gamle, forklarar Hans.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS