Vinjedagen 23.08.14. Tysdagskjerringane.
Vinjedagen 23.08.14. Tysdagskjerringane.

Vinjedag vann vener

Ein godt besøk Vinjedag går i boka som vellukka, ifylgje arrangørane. Nytt i år var betalparkering, som styrkar dei friviljuge arrangørane.

– Me er veldig nøgde med at det kom så mange folk, og eg har berre snakka med nøgde utstillarar, seier leiar i Folkeakademiet i Vinje, Åse Hylland.

Folkeakademiet skipar til Vinjedagen saman med Vinje næringslag og fotballgruppa i Vinje idrottslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje berre var det mykje folk innom, men det var bra med folk heile dagen. Både på konsert og auksjon heilt på slutten òg, seier Hylland.

For fyrste gong tok arrangørane betalt for parkering på Vinjedagen, noko som ikkje la dempar på stemninga.

– Folk var positive og støtta opp om betalingsparkeringa, for dei veit kor mykje det betyr for dei friviljuge organisasjonane gjer, seier ho.

Vinjedagen 23.08.2014
Vinjedagen 23.08.2014
Nei til EU på Vinjedagen. Grethe Sørby Solstad gjev Arne Vinje ein stafettpinne og noko lektyre.
Nei til EU på Vinjedagen. Grethe Sørby Solstad gjev Arne Vinje ein stafettpinne og noko lektyre.

Ho fortel at ho er svært nøgd med arbeidet dei friviljuge har lagt ned for å gjennomføra marknadsdagen.

– Nokre av utstillarane som var påmelde, dukka ikkje opp. Det var litt synd, seier Hylland.

 

På stafett for sjølvstende

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei til EU reiser i år på ein slags stafett rundt i landet for å markera at det er 20 år sidan folkerøystinga i 1994, då Noreg for andre gong sa nei til å verta med i EU. Med slagordet «1814+1994=sant» trykt på bilen køyrer dei rundt i landet.

– Me ynskjer å få fram saker som er viktige i 200-årsjubileet og 20-årsjubileet, som fridom og folkestyre. Og me visste at om me blanda 1814 og 1994 ville me få merksemd, seier leiar i Vinje Nei til EU, Grethe Sørbø Solstad.

Lokallaget i Vinje har om lag 100 medlemer blant dei nesten 4000 innbyggjarane i kommunen. Solstad meiner det gjer dei til det største lokallaget i Telemark.

– I Skien har dei 150–200 medlemer, og dei er 50 000 innbyggjarar, seier ho.

Ordførar i Vinje, Arne Vinje, vitja standen dei hadde på Vinjedagen laurdag. Han fekk med seg ein stafettpinne, og noko lektyre Nei til EU har laga om EØS og kommunane.

– Me merkar det med heilt små ting som ordninga me har med skuterløyper som berre folk frå kommunen kan nytta strir mot EØS-lovgjevinga, og meir generelt med at kommunane treng meir juridisk ekspertise. Det er veldig byråkratiserande, seier han.

Døme som skuterløypene ikkje er det viktigaste ankepunktet han har med EØS-avtalen, men eit konkret døme frå kommunen.

– Det viktigaste er at avtalen tek oss i ei meir kapitalistisk retning, legg han til.