Ragnhild Prestholt frå Seljord deltek i desse dagar på avgangsutstillinga for bachelorstudentane ved Kunsthøgskulen i Oslo med ein svært realistisk skulptur. (Pressefoto)
Ragnhild Prestholt frå Seljord deltek i desse dagar på avgangsutstillinga for bachelorstudentane ved Kunsthøgskulen i Oslo med ein svært realistisk skulptur. (Pressefoto)

Viser fram studentarbeidet

I år held kunsthøgskulen i Oslo for fyrste gong ein stor fellesutstilling med bachelor-studentane sine. Seljordingen Ragnhild Prestholt er ein av dei.

For fyrste gong blir alle dei ulike disiplinane innanfor kunst- og handverk,keramisk-kunst, tekstilkunst, grafisk-kunst, tekning, metall- og smykkekunst ved kunsthøgskulen i Oslo samla i ein stor utstilling. Blant desse er Ragnhild Prestholt, som er avgangselev i kunst og handverk.

34-åringen frå Seljord blei tidleg interessert i kunst som barnebarn av biletkunstnaren Terje Grøstad, og starta si kreative karriere innanfor filmbransjen nærare bestemt som skulptør og effektmakar. I arbeidet ho vore med på finn ein store produksjonar som Harry Potter-filmane og «Prometheus» og «Guardians of the Galaxy».

Artikkelen held fram under annonsen.

Innimellom filmarbeidet har Prestholt også arbeidd på Madame Tussauds der ho fekk ei interesse for portretter og modellering av figurar.

Etter eit modelleringskurs i Firenze bestemde ho seg for å returnere til kunsten og vidareutdanning ved Kunsthøgskulen i Oslo. På avgangsutstillinga presenterer ho bachelorarbeidet sitt. I teiknesalen på høgskulen blir hennar realistiske skulptur av ein mann, i gisp og silikon, vist fram saman med bilete av skulpturen og kledet som blei bruka for å halde skulpturen våt under tilverkinga.

– Eg vil presentere eit arbeid der eg har vore oppteken av vår bevissthet og korleis me held oss til andre gjennom form. Eg arbeider med den klassiske skulpturen, men har òg eksperimentert med materialval og teknikk frå filmbransjens hyperrealisme. Resultatet har blitt ein skulptur av ein mann, svært nær til det verkelege, som utforskar styrka i sin eigen bevissthet, skriv Prestholt i ei pressemelding.

Utstillinga på kunsthøgskulen opna i går 11. mai, og ein vil kunne sjå arbeida til studentane fram til sundag 22. mai.