Viste seg fram i fullsett kulturhus – våga å vere og vann hjarta
Mange draumar blei realisert på kulturhusscena i Seljord onsdag då deltakarane på aktivitetssenteret presenterte framsyninga «Vær den du er». – Eg håpar me kan inspirere og spreie glede med å vise at me vågar å vere den me er, seier leiar Katrine Hiis.
Onsdag kveld blei den raude løparen rulla ut, det var bobler i glasa og ein fullsett kinosal fekk med eit papirtørkle til å handtere fine og rørande augeblink før dei fann plassane sine. For i den time lange framsyninga blei det både smil og latter, men også ein klump i bringa og blanke augo då deltakarar og tilsette på aktivistsenteret viste kva dei har arbeidd med dei siste månadane.
Tidlegare på dagen fekk eit knippe gjester vere med på førpremieren av framsyninga der kvar og ein av aktørane fekk skine og vist seg fram på scenen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Med framsyninga ynskjer me at alle som ser på skal reise heim rikare enn då dei kom. Me er alle så mykje meir enn det ein ser, og på aktivitetssenteret brukar me kunsten for å formidle det som ikkje er så lett å sei med ord, seier Hiis.
Dei modige deltakarane fekk vise kven dei var med dans, miming og andre teatralske uttrykk. Hiis hadde i samarbeid med gruppa valt ut musikkstykke som fekk dei ulike aktørane til å få vise modig fram kven dei er via venskap og samarbeid på scenen.
Scenevant
Ein av deltakarane er Line Mossing. Ho fortel at ho har stått på scenen mange gonger sidan ho starta i fyrste klasse. På framsyninga onsdag viste ho fleire flotte dansar som gjorde inntrykk.
– Eg grua meg ikkje så mykje, berre litt inst inne. Nå er eg glad for at ei framsyning er ferdig, eg er så stolt at eg nesten ikkje veit orda for det eg kjenner, smiler ho lykkeleg og litt sliten då generalprøva var over onsdag.
Ho gledde seg litt ekstra til kvelden då fleire frå familien skulle kome å sjå framsyninga saman med eit fullsett og utseld kulturhus.
Line er den av deltakarane som har mest sceneerfaring frå før, og det er noko dei andre har henta støtte i, noko Silje viser tydeleg at ho set ekstra stor pris på.
– Eg vil takke Line for at ho har hjelpt meg. Om eg er usikker kan eg spøre ho om råd. Og det er godt at ho støttar meg før framsyninga. Eg var veldig nervøs før me gjekk på scenen, men me støtta kvarandre. Line er som ei syster for meg, og alle på aktivitetssenteret er liksom familien min, smiler Silje Hegna.
Ein draum
Heilt sidan Katrine Hiis starta som leiar på aktivitetssenteret har det å gjere ting litt utanfor boksen vore stadig nye mål. Ho har arbeidd for det overordna målet til senteret som er å løfte heile mennesket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skritt for skritt har Hiis vist at ho trur på deltakarane, og dei har våga å trø litt og litt utanfor komfortsona og stadig blomstra meir og meir.
– Eg hadde ein draum om å få til ei framsyning som denne. Me har arbeidd oss framover, og eg visste at det ville bli full sal dersom me fekk det til. Me har så mykje me ynskjer å seie, så mykje me vil vise fram og eg håpar at me klarer å formidle det heilt inn i hjarta til dei som møter oss, seier Hiis.
Ho fortel at det har vore ei bratt læringskurve for mange av deltakarane.
– Men alle har vore så utruleg positive, både deltakarane, dei tilsette og pårørande. Hadde det ikkje vore for at tilsette har stilt opp på fritida hadde det ikkje blitt framsyning, og ein spesiell pårørande har gjeve oss økonomisk støtte slik at dette var mogleg å få til, seier Hiis takksam.
Om det blir fleire framsyningar vil tida vise. Noko som er sikkert er at overskotet frå denne satsinga vil bli bruka til fleire påfunn utanfor boksen på aktivitete. For gjengen på på aktivitetssenteret har så mykje meir å by på – dei vågar å vise kven dei er.
Våg å være
Våg å være ærlig
våg å være fri
våg å føle det du gjør
si det du vil si.
Kanskje de som holder munn
er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås
må noen åpne vei.
Våg å være sårbar
ingen er av stein
Våg å vise hvor du står,
stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om
og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt
er svakest likevel?
Våg å være nykter
våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil
gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt,
bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er
og at du er sann.
Hans Olav Mørk