Startar demenskor: Dirigent Gunn Steinstad, akkompagnør Olav Holm, kulturskulerektor i Kviteseid Eli Taugbøl, fysioterapeut Ragnhild Rock Skrede, Torunn Reinstaul frå hukommelsesteamet i Seljord, kulturskulerektor i Seljord Anne Torunn Øverbø og Randi Klovning Hauglid aktivitør på dagsenteret i Kviteseid håpar at nokon har lyst til å bli med i demenskoret for Seljord og Kviteseid.

Ynskjer å skape ein ny møtestad. Vil starte demenskor etter påske

Ei gruppe eldsjeler frå ulike einingar i Kviteseid og Seljord blei så inspirerte av dokumentarserien Demenskoret på NRK, at dei vil starte eit lokalt demenskor etter påske.

Publisert

– Alle her har sett dokumentaren Demenskoret, og veit at det er mange som har denne sjukdommen. Difor vil me «smi mens jernet er varmt», seier fysioterapeut Ragnhild Rock Skrede som er ein av initiativtakarane.

Rundt bordet på Nestunet dagsenter i Seljord møter me Skrede, kulturskulerektor i Kviteseid Eli Taugbøl, kulturskulerektor i Seljord Anne Torunn Øverbø, kulturskulelærar i Seljord Gunn Steinstad, organist i Kviteseid Olav Holm, Randi Klovning Hauglid frå dagsenteret i Kviteseid og Torunn Reinstaul frå hukommelsesteamet i Seljord. Alle med eit stort engasjement for å skape eit nytt tilbod saman.

– Me tok kontakt med kvarandre for å sjå kva ressursar me har, og kva handlingsrom me har, så bare starta me eit prøveprosjekt med å lage eit kor for menneske med demenssjukdom og pårørande kring dei, seier Taugbøl.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS