Farvel: Farvel Asle! Og takk for alle dei gode stundene vi har hatt saman, skriv Svein Dag Midtsund i minneordet. (Bildet er frå i fjor sommar då Asle etablerte brukthandel ved Rv41).

Asle Nordskog – minneord

Tuntreet på Midtsund utigard (Omland) har falle. Haukomgrendi, Kviteseid og heile verda vil ikkje bli den same etter at Asle Nordskog la ned vandringsstaven den 24. mai. Katten har mange liv – Asle hadde fleire. Som granne – og ven – til Asle gjennom mykje av livet, har eg sett kva han har stått for, kva han har gjort og kva han har vore for så mange.

At han skulle bli mest 78 år var nok i overkant av kva prognosar mange hadde – også han sjølv. Stadig var vi vitne til ambulanse og transport til sjukehuset. Men etter ei eller to veker kom han heim til garden og huset som var så fylt av Asle. Denne siste gongen blei det ei einvegsreise.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arne og Randi kalla eigedomen der dei etablerte seg for Lykkja. Dei kunne nok gjerne ha fjerna j’en i namnet for lykka var nok stor over tre gutar, der Asle var den mellomste. Tidleg viste Asle litt barske, utforskande takter. Han var ikkje lik alle andre. Vi var mange på min alder med store augo då Asle skaut etter katten med luftgevær. «Straffereaksjon for å gå laus på småfuglar,» sa Asle. Ein attraksjon var han også då han kom heim med langt hår og skjegg på slutten av 60-talet. Prototypen på den barske ungdomstypen vi andre såg opp til, og som vi var litt mindre dristige i å praktisere.

Sjølv om han levde eit lykkeleg liv på Lykkja, var utferdstrongen, eventyrlysta, sterk i den unge kroppen. Litt bakarlærling og litt butikktenestegut (!) før den store verda låg klar. Militært nådde han i fyrste omgang til graden fenrik, seinare avanserte han til staut kaptein. Sjølv hadde eg på rep. i 1978 gleda av å stå i nabokompaniet og observere kaptein Nordskog i fri utfolding. Han var på ingen måte ei standardutgåve av ein offiser. Visste kva han ville, men open for både krumspring og raritetar norske soldatar kunne finne på. Og humoren til Asle låg like under overflata – heile tida – enten det var den norske forsvarssjefen eller ein tidlegare festvenn frå Notodden han tala med. Mange opplevde det som eit paradoks at den proffe forsvarsoffiseren blei av dei ivrige i kampen mot atomvåpen. For han var dette heilt greitt, og til og med sjølvsagt, å kombinere. Med innsikt i kva uhyrlege våpen dette var (og er), var det enkelt for Asle å ta sterk avstand frå den slags våpensystem.

Asle har gjennomført mange av dei draumane han hadde. Gruvearbeid på Svalbard var knapt berre kos. Likevel stod han krumbøygd og kolsvart gjennom fleire overvintringar. Sjølv var eg på Svalbard 17. mai 2009. På eit kulturarrangement delte dei ut noko dei kalla «Tyfus- statuetten.» Ein pris for diskré innsats for det lokale kultur- og samfunnslivet på Svalbard, innstifta på starten av 1970-talet. Og ja, Asle, var med å ta initiativ til denne. Og som det stod i dødsannonsen: «pappa avslutta som han levde, og gav kroppen sin til forsking.» Asle dreiv som brukthandlar i mange år, og sommaren i fjor etablerte han utsal ved Rv 41 der ein stor del av inntektene gjekk til «Leger utan grenser.»

Asle hadde mange helsemessige utfordringar. Han synte meg stadig dosetten med sitt rikhaldige innhald. Ikkje for å klage eller syte, men for å vise kva som skulle til for å halde det gåande. Han hadde ikkje studert medisin, men gjennom personleg erfaring med eit utal av diagnosar, stod han likevel fram som svært så sakkunnig. Og med stor grad av sjølvinnsikt:

«Det blir ein interessant kropp å finne ut av for forskinga.»

Sjølv med krevjande helse hadde han blikket framover, men var også fullt klar over at livet har ein endestasjon. Han kunne snakke om og utføre vedhogst for årevis framover, han kunne diskutere samfunnsproblem og utfordringar for framtida, men var veldig klar over at døden kunne slå beina under alt dette. Når som helst. Asle var realist.

Nå er Asle borte. Dette kreative, gode mennesket som sende oss kort med bilete av eit juletre pynta med akevitt-flasker, som drog til arbeidsleir på Cuba og starta pizzarestaurant i Havanna, fiska skrei i Lofoten, som sytte for bakerimaskiner til McDonalds på den Raude plass i Moskva, starta ungdomsdiskotek på ein nedlagd skule og som isolerte låveveggane med klassisk litteratur (for å forvirre framtidige arkeologar!!). Eller som selde meg eit fiskegarn med prislapp kr 200,-, men «… sidan det er deg, så blir det 300. For du har betre råd enn meg …!»

Farvel Asle! Og takk for alle dei gode stundene vi har hatt saman – i pausane på Bjørkhaug, med kaffekoppen på Waldenstrøm og kikke-innom i storstova på Omland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svein Dag Midtsund