Jubilantane: Dei som var samla til jubileum var Arne Ringhus (bak f.v.), Arnt-Willy Hjelle og Geir Olav Bekhus. På midtrekkja f.v. Harald Skjong Kroken, Ingunn Dise Gardsjord, Ragnhild Olsnes, Aasne Vaagen Riendeau, Bjørg Dale Olsnes, Sigrid Ringhus Visdal, Randi Teigland Håkenrud, Stein Versto og Eiving Kroken. På fremste rekkje f.v. Kirsti Romtveit Ljøstad, Grethe Lian og Irene Kosi.
Avgangselevane frå 73 møttest til mimring. – Det skulle vise seg at det hadde skjedd ei viss endring på fleire område
Avgangsklassa frå 1973 ved Åmot skule hadde 50-års klassejubileum 16. september.
Etter eit initiativ vart det skipa ein jubileumskomite, som kontakta medelevane, og «koka» i hop ei tilskiping på Groven camping, der også andre klassekull har hatt sine jubileum. Seist dette 1973-kullet var samla, var i 1993, altså 30 år sidan, ifylgje dei dokumenta som er funne fram. Og det skulle vise seg at det hadde skjedd ei viss endring på fleire område, som hårfarge, skrukkur, og litt anna her og der.
På det meste var det 31 elevar i denne klassa, og 27 lever framleis. Det lykkast å samle 16 av dei denne laurdagskvelden. Me starta med å vise gamle bilete frå skuletida, noko som verkeleg sette mimringa i gang, både til mykje latter og tankespinn, men også nesten på grensa til det vemodige. Ja, det var tider, det...
Groven camping diska opp med rjomegraut og spekemat, som gav oss ei feststemning me lever lenge på. Ja, me gløymde rett å slett å ta bilete, til langt på kveld, og då var me 15. Me var alle samde om at me må ikkje vente i 30 nye år att før me samlast, både med tanke på trivselsfaktoren, men også av naturlege grunnar. Me må ikkje dryge meir enn 5 år kanskje?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP