Åshild Emma Solbjør
Meiningar
Beredskap i hyttekommunar
Lesarinnlegg
Det er mykje snakk om beredskap for tida og det er bra. Sjølvsagt kryssar me alle fingrar for at ulike krisescenario ikkje verkeleg vil skje, men det er klokt å vere førebudd i ei uroleg verd.
Fleire av kommunane i Vest-Telemark må planlegge for ei spesiell utfordring, og det er sterk auke i folketalet i ein krisesituasjon. Byområde er sårbare ved hendingar som råkar forsyning av mat, vatn og straum. Over 80% av innbyggjarane i Noreg bur no i by eller tettstad. I 1940 var talet 50%, og sidan då har det samla folketalet nær dobla seg. Det betyr at det no er langt fleire enn ved utbrotet av andre verdskrig som potensielt vil søkje ut av byane i ein krisesituasjon.
Forsvarets forskningsinstitutt publiserte i fjor rapporten «Krig i Norge – scenariobasert analyse av humanitære behov». Der kjem det fram at Oslo og områda rundt er ekstra utsett «med sårbar kraftforsyning i tillegg til generelle humanitære behov. Det er lite lokal kraftproduksjon i Oslo og Akershus. Dersom det blir utfordringer med kraftoverføring til Oslo-regionen fra andre deler av landet, kan dette få svært store konsekvenser, spesielt hvis det skjer i vinterhalvåret. Tiltak for å hindre kaos og ukontrollert selvevakuering i en slik situasjon vil være viktige.»
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP