LESARINNLEGG
Då EU ville taka over norsk suverenitet i Svalbardsona
Landet vårt er rikt på naturresursar. Store område for fisk både utanfor norskekysten og rundt Svalbard. I likskap med energien vår har EU stor lyst på å få råderetten over desse resursane. EU har aldri formelt godkjent at Noreg har råderett over økonomisk sone utanfor Svalbard, men dei har godtatt at Noreg har fastsett kvotane. Det er Noreg og Russland som fastset totalkvoten og Noreg fordelar kvotane. For 2021 var totalkvoten 34 864 tonn torsk, av dette skulle britane ha 8.200 tonn.
Men 28. feb. 2021 tok EU seg til rette og dela ut fiskekvotar til fem EU-land og halvera kvoten til britane. Vidare gav EU 20 båtar lov til å fiske snøkrabbe. Ein båt frå Litauen vart arrestert og vart dømd for ulovleg fangst. Reiarlaget gjekk til sak mot Noreg og fekk full støtte frå EU. Dette var ei alvorleg sak for her galdt sjølve råderetten over sokkelen. Krabbene lever på botnen, slik det også er med mineralar, olje og gass.
Me hadde heldigvis ein handlekraftig fiskeriminister, Odd Emil Ingebrigsen: Dette strir mot Noregs suverene rettar etter havretten og me ser svært alvorleg på EUs einsidige kvotefastsetjingar. Eg gjer det difor klart at eit kvart fiske utover Noregs kvotetildelingar er ulovleg og blir håndheva av kystvakta. Det er noko som heiter «frekkhetens nådegave». Dei rekna truleg med at ja-folka i Storting og regjering som vanleg var både naive og underdanige og ville godtaka dette, men heldigvis takka vera fiskeriministeren gjekk det bra.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP