Eg er samd med Pernille Sørdal
I eit innlegg i VTB (vtb.no) om dialekt og skriftspråk den 13. desember etterlyser Øyvind Jørgensen om nokon er samde med rektoren på Vest-Telemark vgs. Eg er samd med henne.
Det er for det fyrste interessant at det rullar ei meiningsutveksling om målbruk, skriftmål og dialekt. Det er eit viktig tema i regionen vår, og me veit at bymål/bokmål et seg stadig lenger inn i bygdene. Det kan me truleg knapt stoppe, men å setja søkjelyset på temaet er viktig. Kanskje ein og annan blir bevisst på målbruken sin.
Artikkelen held fram under annonsen.
I mål-samanheng vil eg fyrst peike på eit innlegg Olav Nordstoga hadde i VTB den 12. oktober. Det er to tema han tek opp. Det fyrste er kløyvd infinitiv.
I framlegget til ny rettskriving i nynorsk var det framlegg om å skrote kløyvd infinitiv. Til høyringa sende VTB inn ei uttale om nettopp dette (utdrag):
«Vest-Telemark er ein region med nokre tydelege målmerke i dialekten, som også fylgjer gjeldande rettskriving i nynorsk. Eitt av desse er e-infinitiv og kløyvd infinitiv, som begge finst i regionen. (…) For å halda på desse variasjonane, meiner me det vil vera feil å ta vekk den kløyvde infinitiven i nynorsk rettskriving.
I og med at ordlistene stort sett brukar e-infinitiv, ser me at mange også brukar denne forma i det skriftlege arbeidet, sjølv om dei «soknar» til kløyvd infinitiv i dialekten.»
Det andre Nordstoga tek opp er den merkelege presensforma me stadig ser. Han nemner døme som «Det beste er at ein treff nye folk.» – «Då hjelp det ikkje med ein enkel takkebakst …»
Det er rett og slett å gjera verbet om til eit substantiv – som om me ikkje har nok substantiv-sjuke i mykje offentlege skriveri. Korleis høyrest det ut viss eg skulle seia «No kjøp eg jolegåver», eller på VT-dialekt: «No kaup eg jolegåver»?
Korleis ein uttrykkjer seg skriftleg i tekstmeldingar til venner er ein ting. Det som betyr noko er kven me vil eller reknar med at skal lesa det me skriv. I mi tid i VTB fekk me oppfordring frå nokre som truleg var med i Norsk måldyrkingslag om at VTB burde bruke den gamle nynorskrettskrivinga med i-mål, altså t.d. soli. Konsekvensen av det ville vera at jenter ville heit jentur.
Svaret mitt var at me skriv også for dei som ikkje kjenner dialekten vår så godt. Målet med ei avis er at det som blir skrive skal oppfattast av alle. Eller som tidlegare mållagsleiar Kristian Hanto ein gong sa: «Målet er å skrive så godt nynorsk at sjølv ihuga riksmålsfolk ikkje tenkjer over at dei les nynorsk».
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har i mange år vore med i arbeid med amatørteater. Derfrå har eg erfart at eit manuskript som er skrive på dialekt er mykje tyngre å lesa – og dermed også å lære – enn eitt som er skrive på bokreint nynorsk. Etter å ha lært replikkane sine kan ein så gjera det om til munnleg dialekt.
Grunnen her er nok at når me les ser me orda som eit bilde. Skriv ein dialekt blir desse bilda forandra og uklare, og dermed tyngre å lesa.
Til slutt ei lita helsing til Halvor Lognvik (eg er sikker på at du toler det): I eit innlegg i VTB den 3. desember tek han til orde for å fjerne norskfaget frå skulen.
Eg kan fortelja at eg har sett ein mann som tok fram bankkortet sitt då han skulle skrive namn og adresse. Han «kopiera» bokstav for bokstav frå kortet – han kunne rett og slett ikkje skrive.
Hadde me fylgt Halvor Lognviks oppskrift, utan norskopplæring i skulen, hadde me truleg vore fleire i den «klassa».
Knut Espelid