KOMMENTAR

Ei konfektøskje med jolemagi

Den eine utsøkte godbiten etter den andre vart trylla fram frå konfektøskja til Oddbjørn Aase og Seljord Songlag sundag ettermiddag, i ein konsert som like gjerne kunne vore i operaen – og som skulle vore i ein katedral.

Publisert Sist oppdatert

Adventskonserten til Seljord Songlag har i fleire år hatt ein heilt spesiell scene i «Skorvekatedralen» inne i Sundsbarm kraftverk, men i år som i fjor gjorde tryggleiksomsyn at den vart flytta til Granvin kulturhus. Her fekk 220 heldige publikumarar nyte halvannan time med ei god blanding av livleg jolefest og vakker høgtidsstund, krydra med litt allsong.

Dei 25 songarane omkransa scenen på tre kantar. Tjue damer og fem menn, alle kledd i svart med lilla detaljar, og alle med ei rakrygga, strålande songglede. Nokre stemmegrupper var berre tre - fire stykk, men uansett klang dei som om dei var ei einaste fyldig stemme.

– Denne konserten er ei konfektøskje der ein finn litt av kvart, sa dirigent Oddbjørn Aase, og det var ei treffande skildring. For det var engelsk, norsk og tysk. Roleg, leikent og kraftfullt. Song med tekst, song utan tekst og reine instrumentalmelodiar. Aase dirigerte både songlag og musikarar med ein sjølvsagt autoritet, både avslappa og energisk på same tid. Og det er kanskje ikkje så rart at han eigde stoffet, for han har hatt ein eller fleire fingrar med i arrangementet til mesteparten av repertoaret. Innimellom sette han seg til og med ved trommesettet og styrte takten derifrå.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS