LESARINNLEGG
En liten historie om Sjøbui i Lårdal
Kanalselskapet som dreiv Bandakkanalen hadde frå ca. 1930 og fram til starten/midten av 1970-talet ekspedisjon og kontor i denne bua. Bønder og andre i bygdane øvst i Vest-Telemark tinga varer og tjenester her.
Sjøbui blei truleg bygd av Andreas Bakke på triset mot slutten av 1800-talet. Han dreiv saman med sonen Bent hotell og butikk i Lårdal, og bua blei nok brukt i denne samanhengen. Her var butikklageret. Opphaveleg skal ho stått på den andre siden av vegen, og blei då kalla Jønnbui.
På noverande stad er ho bygd delvis ut i vatnet og står på kraftige steinpilarar. Delen av bindingsverk blei truleg sett opp fyrst på 1900-talet. Dei siste åra har Sjøbui blitt brukt til ymse arrangement, men bui er prega av tidens tann og trenger sårt ei restaurering, under kviler ho på trepilarar og det trengst det ein kraftigare fundamentering.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP