Er du homofil eller lesbisk? Svarar du JA, kan du ikkje få oppdrag i Kviteseid då?

Me viser til lesarinnlegg publisera onsdag 7. juni, skrive av Øyvind A. Jørgensen.

Jørgensen ba om innsyn i saken om Pride i Kviteseid. Det fekk han. Det har vore 3 planleggingsmøte og fleire representantar i kommunen har delteke. Dette for å dela på oppgåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

Programmet for dagen blir, som Jørgensen skriv, parade frå idrettshallen til Kviteseid sentrum. Etter dette løysast paraden opp og me er ferdig med markeringa. Pride-paraden skal ikkje ha konferansier, noko som heller ikkje står i referat frå møta.

Når folk er samla denne dagen ynskjer me å nytta høve til å leggja til rette for andre arrangement. Me blei einige om å spørja ordførarkandidatane om dei var interessert i å møta til debatt. I denne kan dei få vist seg fram, presentert seg og fortelja om kva dei står for og kva dei går til val på. Publikum kan få helsa på dei og snakka med dei.

Då me diskuterte kven som kunne vere aktuelle konferansierar for ein slik debatt, kom fleire namn på blokka, kvinner og menn. Me hadde ikkje ein diskusjon på dei aktuelle si seksuelle legning, eller om nokon av oss visste om kven som var homofil, heterofil eller lesbiske. Det var ikkje i våre tankar. Me diskuterte kven som kan vere ein god kandidat for eit slikt oppdrag. Morten Hegseth blei nemnt av fleire. Han er spurt og har sagt JA til oppdraget. Han er spurt fordi han er flink, engasjerande og kjend, ikkje fordi han er homofil.

Jørgensen skriv som om dette skulle vere hemmeleg. Det er det sjølvsagt ikkje, men program blir aldri publisert før ein har den minste detalj på plass. Detaljen er ikkje Morten Hegseth, men mindre justeringar me vil få avklara ganske snart.

Me lurar på om Øyvind A. Jørgensen meiner at me skulle spurt aktuelle kandidatar om deira legning? Det kan me ikkje gjere.

Når me i kommunen skal tilsetja eller engasjera folk, kan me ikkje bruka seksuell legning mot folk. Heller ikkje sjukdom, alder, sivilstatus, trusretning, etnisk opphav eller hol i Cv`n. Det er me veldig glad for, fordi då veit me at me kan gå glipp av mange flinke folk med verdifull kompetanse.

I Kviteseid skal me tilsetja, arrangera den beste kandidaten, uavhengig av kjønn, alder, seksuell legning, sivilstatus, etnisk opphav, trusretning, folk med hol i CV`n eller andre minoritetar.

Laila Thorsen, kommunedirektør, Kviteseid kommune

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn Nordskog, ordførar, Kviteseid kommune