Else Børte
Meiningar
Foreldre mot sommarstengt barnehage
Lesarinnlegg
Tidlegare i vinter
kom det beskjed om at FAU skulle drøfte framlegget om å stenge
Rauland barnehage i tre veker i juli. Eit forslag var
å stenge i berre to veker, ikkje tre. Men barna har jo krav på tre
veker fri samanhengande, så det å stenge barnehagen i to eller tre veker gjev i
verkelegheita ingen stor forbetring. Som eg har forstått, kjem ikkje
FAU til å støtte sommarstengt på Rauland barnehage.
Rauland barnehage har vore ope
heile sommaren dei seinaste åra. Eit gode som alle barnehagefamiliar
i kommunen kan søkje om å få nytte av.
I mange yrke, til dømes helse og reiseliv
(inkludert dei mange små bedrifter som er avhengige av kundar), får
ein ikkje velje sjølv når ein vil ha ferie. Det har vore heilt avgjerande for
vår familie å kunne ta sommarferie litt før eller etter alle dei andre for å få
det til. Jau, ein kan ta ut ferie når den eine forelderen må jobbe,
men det klingar dårleg på likestillingsklokka mi. I tillegg har barna som er så
heldige å ha to foreldre godt av å vere saman med begge foreldra dei
tre pålagte samanhengande vekene på sommaren. Når heile familien får ta fri
samtidig, får alle nyte godt av avbrekket frå kvardagen saman.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP