LESARINNLEGG

Fritak frå undervisning utan diskusjon?

Opplæringslova kling med autoritet og ansvar. Den er fundamentet som skal forme og opplyse norsk ungdom, og ruste dei for samfunnet dei er ein del av. Men, i denne lova ligg også fritaksordninga, § 2-3a. Ei bestemming som opnar for fritak frå undervisningsaktivitetar. Dette kan synast som ei velmeint ordning, men i praksis kan det undergrave sjølve formålet med utdanninga.

Opplæringslova står på grunnleggjande verdiar om mangfald, likestilling og likeverd – verdiar som speglar seg i læringsmåla som dekkjer samfunnets breidde, inkludert kjønnsidentitet og seksuell orientering. Dette er ikkje berre pedagogiske punkt, men grunnsteinar i vårt samfunn.

Fritaksordninga gjev ikkje fritak frå kunnskapsinnhald som er ein del av læreplanen. Vi må spørje oss sjølve kor grensa går. Skal vi byrje å gje fritak for fundamentale læreområde? Er evolusjonsteorien i biologitimen noko som kan diskuterast, eller det faktumet at vi står i ei klimakrise? Ei slik retning kan verke farleg, der personlege preferansar blir sett før samfunnets behov for ei robust og inkluderande utdanning.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS