KRONIKK
Yngve Flo
Ingrid Endal, Universitetet i Bergen
Fungerer lokaldemokratiet best om vi fjernar mellomledda mellom kommunen, folket og dei folkevalde? Eg tvilar sterkt.
Eg er historikar, og såleis del av ei hundsa og misforstått gruppe menneske som kan finne stor glede i å lese gamle NOU-ar. Nyleg fann eg fram ein retteleg klassikar, NOU 2006:7. Tittelen, for dei som ikkje tek den på sparket, var: Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken. Det har gått 14 år sidan NOU-en kom ut, men delar av dette er definitivt historie. Om ein les det den dåverande Lokaldemokratikommisjonen skreiv om lokaldemokrati og digitalisering, er det i alle høve opplagt at det har runne mange gigabytes gjennom norske nettverkskablar sidan 2006.
For, kan du tenkje deg: Året 2006 var ei tid då ein framleis hadde tru på at dei kommunale heimesidene på internett kunne fungere som ein viktig demokratisk arena og direktekanal mellom politikarane og innbyggjarane!
For veljarane kunne ei kommunal heimeside vere noko meir enn stad der ein søkte informasjon. Ho kunne òg opne for å føre politiske samtalar, å setje saker på dagsorden, å presentere eller kommentere forslag, eller å krevje endringar i politiske vedtak. Politikarane kunne dessutan nå direkte heim til folk med den politiske bodskapen via dei kommunale heimesidene, presentere bakgrunnen for standpunkta og debattere med innbyggjarane, «utan å gå vegen via lokale media», som det optimistisk heitte.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP