Meiningar
Me er i ferd med å bli ein cowboy-bransje der ingen kan eller tør å satsa langsiktig – er det verkeleg slik me vil ha det? skriv Espen Martinsen.
Tone Tveit
Fylkeskommunane på ville vegar – Korleis skal me bygga framtidas kollektivtransport?
Lesarinnlegg
Fylkeskommunane
er i ferd med å gjera kollektivtransporten i distrikta til eit høgspel der
berre dei mest risikovillige tør å vera med. Når dei legg ut nye anbod, verkar
det som dei heilt gløymer dei som faktisk skal driva desse tilboda – solide,
ansvarlege selskap med sunn økonomi.
Gigantisk
økonomisk risiko – kven tør å vera med? Bussanbodet for Øvre-Telemark
krev enorme investeringar i ladeinfrastruktur, haldeplassar og elektriske
bussar – alt dette før ein einaste buss har køyrt ei rute. Operatørane må
sjølve ta høgd for tekniske utfordringar, forseinkingar og uventa
ekstrakostnadar. Skal verkeleg ansvarlege selskap bera denne risikoen åleine?
Me skal levera gode bussar og sjåførar som trygt fraktar folk dit dei skal – me
kan ikkje samstundes ta heile ansvaret for uforutsigbare straumprisar og andre
ukontrollerbare faktorar. I tillegg har fylket sikra seg retten til å kutta
ruter og busstilbod når som helst i kontraktsperioden, noko som gjer risikoen
for operatørane heilt uhaldbar.
Urealistiske
krav til eigenkapital – kven har råd til dette? Dei fleste store
transportselskapa slit allereie økonomisk, og likevel blir det stilt strenge
krav til eigenkapital. Det betyr at selskapa må låna enorme summar eller finna
eksterne investorar. Resultatet? Høg gjeldsgrad, svekka finansiell
fleksibilitet og stor økonomisk sårbarheit. Når dette i tillegg blir kombinert
med svingande renter og uforutsigbare marknadstilhøve, ser me konturane av ein
økonomisk katastrofe.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP