Gamle gardiner og nye vindar i Vinje: Ein akademisk refleksjon over samarbeidsutfordringar i kommunal forvaltning
Nye politikarar i Vinje kommune skapar liv i «den gamle» kommunestova. Det stabile samarbeidet mellom administrasjonen og politikarane blir sett på prøve når dei nye stiller spørsmål ved korleis ting blir gjort. Skal dei få lov til å flytte på møblane – eller må dei vente til dei har sete der ei stund sjølv?
For å forstå denne situasjonen, er det nyttig å vende blikket mot akademisk forsking som kan bidra til å forklare reaksjonane vi har sett den siste tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvifor grupper stenger kvarandre ute
Den klassiske sosiale identitetsteorien gir innsikt i korleis grupper blir danna, og kva rolle dei har i politiske samanhengar. Teorien hevdar at menneske søker positiv identitet gjennom gruppetilhøyrsle, noko som gjer at individ ofte kategoriserer kvarandre som anten «inn-gruppe» (dei som tilhøyrer si eiga gruppe) eller «ut-gruppe» (dei utanfor).
I Vinje kan administrasjonen og dei tidlegare makthavarane sjåast på som ei inn-gruppe, noko «måndagsmøta» er eit godt døme på. Dei nye politikarane kan sjåast på som ei ut-gruppe som utfordrar etablerte normer. Kvar gruppe har sine oppgåver og interesser, men når konfliktar oppstår, ser dei ofte på kvarandre som motstandarar i staden for samarbeidspartnarar.
Forsking viser ein tendens til at folk favoriserer si eiga gruppe og ser ned på ut-grupper, noko som kan skape polarisering. Dette kan også forklare kvifor administrasjonen og dei som har hatt makt lenge, opplever dei nye politikarane som ein trussel mot status quo.
Vi likar best å høyre på dei som er einige med oss
Når nye aktørar kjem inn i politiske miljø, vil ofte dei som har hatt maktposisjon oppleve ein sterk grad av stadfestingsfella. Dette betyr at dei har ein tendens til å søkje informasjon som stadfestar deira allereie eksisterande synspunkt og avgjerder. I vårt tilfelle kan administrasjonen, som er van med å arbeide tett med den tidlegare politiske leiinga, oppleve det som utfordrande når nye tankar og forslag kjem på bordet.
I tillegg kan status quo-bias, vår tendens til å føretrekke det kjente, hindre nødvendige endringar. Usikkerheit kan føre til at ein klamrar seg til etablerte strukturar i staden for å utforske nye løysingar. Dette er naturleg, men kan hemme utvikling.
Sofaen er stor nok for alle – men fjernkontrollen er heilag
Selvbestemmelsesteorien (SDT) kan forklare kvifor politikarar og administrasjon føler seg truga av endring. Teorien set søkelys på tre grunnleggjande behov: Autonomi (kontroll over eigne avgjerder), kompetanse og tilhøyrsle til fellesskapet. Når desse behova blir tilfredsstilte, blir indre motivasjon styrka, noko som igjen skapar eit meir engasjert arbeidsmiljø.
Nye politikarar kan føle seg avgrensa om administrasjonen held hardt på fjernkontrollen og insisterer på gamle kanalar. På den andre sida kan administrasjonen oppleve dei nye politikarane som ei utfordring mot deira kompetanse når det blir stilt spørsmål om tidlegare praksis/vedtak.
Denne dynamikken kan skape eit miljø der begge partar føler at deira grunnleggjande behov er truga, noko som kan føre til konflikt og vanskeleg samarbeid. SDT kan dermed forklare kvifor enkelte individ kjempar for å bevare posisjonane sine, medan andre er sterkt motiverte til å bringe inn nye idear og endringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Psykologisk tryggleik for utvikling
Når etablerte rutinar blir utfordra, kan dette opplevast som ein trussel for dei som har hatt leiande posisjonar lenge. Her blir psykologisk tryggleik avgjerande; tilsette og politikarar må kunne uttrykke seg fritt utan frykt.
I samband med dei nylige medarbeidarsamtalane i Vinje kommune blei spørsmålet om psykologisk tryggleik reist. Men kven har eigentleg ansvaret for å fremje psykologisk tryggleik – leiinga eller ut-grupper?
Leiarskap påverkar også tryggleiken. Transaksjonsleiing, som fokuserer på struktur, belønning og straff, kan bidra til ein kultur der retningslinjer blir følgde utan å bli utfordra, noko som kan oppretthalde status quo. Dette står i kontrast til transformasjonsleiing, som oppmuntrar til kritisk refleksjon og nye idear. Ved å skape eit klima for open dialog kan transformasjonsleiing fremje samarbeid og utvikling.
Lokke med meir enn fjellutsikt
I lys av Perspektivmeldinga 2024, som framhevar den aukande mangelen på arbeidskraft i Noreg, blir det særleg viktig for kommunar som Vinje å tiltrekkje og behalde kompetent arbeidskraft. Arbeidssøkjarar vurderer i aukande grad verdiar og arbeidskultur hos arbeidsgjevarar når dei vel arbeidsplass. Som André Mundal reflekterer i De flinkeste slutter: En diplomats beretning om systemparadokset, kan system paradoksalt nok opplevast som lukka nettopp for dei mest endringsvillige – dei som ofte søker å bringe med seg nye perspektiv og innovasjon.
Slepp fjelluft inn
Det er vanskeleg å sette framtidas møblar inn når rommet er fullt av gårsdagens innreiing.
Med forskingsbasert innsikt har Vinje-organisasjonen moglegheita til å bygge ein inkluderande organisasjonskultur der både gamle og nye stemmer får plass, og som kjem alle innbyggjarane til gode. Om kunnskap kan gi fleire konstruktive løysingar, kan fjernkontrollen bli allmenn eige. Men utfordringa her er å tørre å sleppe inn litt fjelluft.
Det akademiske grunnlaget bak endring kan sannsynlegvis brukast overalt der gardinene har fått henge litt for lenge.
Kristina Vaitkuviene
Artikkelen held fram under annonsen.
Masterstudent