Meiningar
«God dag mann økseskaft svar» frå ordføraren i Kviteseid
Lesarinnlegg
Ordførar
Tarjei Draugedal har prøva å svara på spørsmål frå veljarar i Fjågesund om kva
som var kriterier/kjenneteikn på kva som skulle til for at ein kommunal veg
skulle bli privatisert, eller framleis bli finansiert over det kommunale
budsjettet.
Det gjekk
ikkje så bra. Fyrst kjem han med eit svar der fordelinga av kostnadene på to
vegar som er føreslått privatiserte blir publisert. Det har ingenting med spørsmålet
frå veljarane i Fjågesund å gjera. Bare kanskje litt med kor lite Kviteseid
kommune kan spare på privatisering av kommunale vegar, sidan kommunen likevel
må betale ein del av kostnadene.
I andre
runde, der spørsmålstillarane, heilt korrekt, påpeikar at dette ikkje var svar på
spørsmålet, svarar ordføraren med at kommunen har behov for økonomisk
innsparing. Det er ingen i tvil om. Etter år der politikarar og administrasjon
har vanstyrt kommunen økonomisk, og truleg er på god veg til «Robek-lista» (= Staten
tek over styringa sidan kommunen ikkje greier å styre økonomien, på folkemunne
kalla «Rotebukk-lista»), veit «alle» dette. Men dette hadde ingen ting med
spørsmålet frå Fjågesund om kriterier for privatisering å gjera.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP