Heiltidskultur for foreldre i Vinje kommune, kva med borna?

Les i VTB 19.12.20 om at det ynskjast fem dagars skuleveke for elevane på mellomtrinnet av Vinje SV, slik at båe foreldra skal få jobbe fullt. Dette er også, etter mitt syn, dessverre vedteke. Har i mange år tenkt mykje på korleis samfunnet susar avgarde, krava aukar og helsa skrantar. Dette var dropen til at eg no skriv nokre ord.

Me har vore i den heldige situasjonen at borna våre har gjenge på Edland skule der dei har hatt fri annankvar torsdag. Ein dag både ungane og me som foreldre har sett stor pris på. Eg har fleire bekjente som har born på skulen alle fem dagane kvar veke, som meiner at det vert mykje for små kroppar. Om dei har halve dagar, må dei allikavel opp tidleg og ut av heimen. Eg ser det også sjølv når fredagen kjem etter dei fulle vekene, at borna er meir slitne enn i den veka dei har fire dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

La oss gå attende til før skulestart. Nokre av dei minste ungane er i barnehagen fem dagar i veka frå dei er knappe året. Denne fulltidsjobben har dei i fem år. Dei er meir ute av heimen og vekke frå foreldra enn dei er heime i vaken tilstand. Etter desse fem åra vert stillingsprosenten markant auka for dei. Då er det jamvel SFO, skule, lekser og fritidsaktivitetar på kvelden også. I skulen aukar krava. På dei 8 åra frå ho eldste gjekk i småskulen, til dei yngste gjekk der, har krava og forventningane auka veldig. I helgene kan det også vere fulle planar for borna, då dette er einaste tida foreldra har i saman med dei. For og greie å halde fokus, kjem mindfullness inn på timeplanen til borna der dei mellom anna skal lære seg å roe ned og slappe av. Og i same rennet tek me frå dei den eine dagen heime som dei kunne ha slappa av på, slik at båe foreldra, «som oftast mor» som nemnt, kan få jobbe fullt. Dette er for meg eit digert paradoks! Ein gjev med ei hand, og tek med ei anna.

Eg hadde hatt store problem med og fylgje med på timeplanen til mange born utan og verte utsliten mentalt. Og det gjenspeglar seg i samfunnet at dette ikkje berre hadde gjeldt meg. Psykiske lidingar og stress tronar høgt over helseproblema me slit me i dag. Heldigvis har mange unge det bra. Men dei seiste tiåra har forekomsten av psykiske helseplager blant unge auka. (Og blant vaksne…) Stress av ulikt slag og søvnvanskar er vanlege problem. Søvnvanskar kan igjen utløyse psykiske plager. Årsakane er ofte ukjent for forskerane. Når tempoet har vore høgt i mange år, er det vel ikkje så rart om ein ikkje finn roen når kvelden kjem, og at ein kanskje ikkje rekk og finne roen i det heile. Auka forekomst kan sjølvsagt ha samanheng med at me har meir fokus på psykisk helse, men eg trur også levesettet vårt spelar ei stor rolle. Det set seg i kroppen på mange vis. Dette gjev utslag i sjukemeldingar og helseplager, enorme kostnader i pengar og ikkje minst unødige plager for både store og små. Eg syns slett ikkje det er rart. Byrjar me og sjå konsekvensen av den travle kvardagen vår dei siste tiåra?

Av det eg les i VTB luktar det noko likestilling. Likestilling er bra til ein viss grad, men eg syns ikkje det er bra når me set ungane til sides for at likestillinga skal nå fram. Mor vert sett fokus på, kven set fokus på borna oppi dette? Og i dei fleste heimar er det to vaksne menneske. Kvifor «stakkarleggjera» mor? Mor kan vel like fort jobbe fullt og mannen i huset deltid? Kanskje mor ynskjer å jobbe deltid? Eg har sjølv jobba friviljug deltid når ungane var mindre, og hadde ikkje villa vore forutan denne tida med dei. Huset var gamalt og lite, bilane var rusta, men eg angrar ikkje. Eg veit at det er mange andre som også har gjort dette, både mødre og fedre, som faktisk er glade for dette valet. Det er nokre få år av liva våre ungane er små. Tida kjem aldri att. Slik tid er dyrbar for store og små.

Det er vel og bra og setje mental helse på timeplanen. Det er ein viktig del av oss. Tommelen opp for prosjektet kring mindfullness Vinje har. Men det vitnar om at ikkje alle er heilt i balanse blant borna, eller at dei må lære seg teknikkar for å takle kvardagen vidare på ein bra måte. Dette i seg sjølv får ein del raude lamper til og lyse hjå meg. Kva er gale når det må setjast inn slike tiltak? Er me på ville vegar i samfunnet? Eg trur ikkje effekten vert så god av og setje inn tiltak om det grunnleggande ikkje er i balanse. Forutsetningane må vere til stades. I ein kvardag prega av fluging etter klokka, harde krav og ein stram timeplan, er det nok mange som mistar desse forutsetningane. Kunne effekten av dette prosjektet vorte enda betre om ungane i utgangspunktet hadde meir rolegare dagar? Bør me bremse istaden for å påføre meir? Mellom anna behaldt denne dagen heime på mellomtrinnet?

Det å kjede seg meiner eg er ei mangelvare. Med kjedsomhet kjem ro og kreativitet. «Naturleg mindfullness». Eg trur me må litt tilbake i tid, for å kome framover. La borna få vere heime å leike med sakene sine utan planer. Vere ungar utan krav og plikter. Vere saman med mor eller far. Kanskje det også kan vere godt foreldra med denne dagen heime? Kva forutsetning har ein for å vere gode foreldre om ein er utsliten? Kan det tenkast at det å jobbe deltid medan ungane er små kan vere god investering i psykisk og fysisk helse for alle mann? Eg syns det bør leggast til rette for deltid for dei som ynskjer, istaden for å jobbe imot det.

Ja, eg veit det er snakk om økonomi i dette. Men me som er heldige å bu i Vest-Telemark har nok ikkje så høge bu og leveutgifter som dei som bur i byar/tettbebygde strøk. Eg trur mange kan klare seg på 80 % løn istaden for 100 % i nokre få år av livet om ein prioriterar litt annleis. Om ein ofrar denne 20 % stillinga får ein kanskje att andre ting som er rikare enn pengane ein ville tent?

Alle må ta ansvar for eiget liv og helse. Om nokon vil og/eller må jobbe fullt, og føler dette er ok for seg og sine, må dei sjølvsagt få lov til det. Me har ulike forutsetningar, er i ulike situasjonar og har ulikt syn på livet. Nokon får det til, men eg tippar mange kan kjenne seg att i litt for hektiske kvardagar. Eg trur også mange ynskjer og jobbe deltid når ungane er små. Kunne ein ha utvida SFO tilbodet for heile mellomtrinnet til dei som ynskjer eller må jobbe fullt? Barnetrygda me mottek er vel tilnærma den same som våre foreldre fekk når me var små. Hadde denne auka monnaleg, kunne det vore enklare og jobba deltid, økonomisk sett, for foreldra som ynskte det.

Rundt omkring på skular, barnehagar og SFO er det mange dyktige folk som gjer sitt ytterste for at borna våre skal ha det bra. Det er på ingen måte desse eg vil kritisere. Dei gjer ein kjempebra jobb, og det er eg svært takksam for. Men det er «livsrytmen» vår eg vil setje fokus på. Ja, eg har sett det på spissen, og eg veit at ikkje alle har det slik. Mange born, unge og foreldre har det heldigvis bra. Men eg trur alikevel me må vakne opp litt. Kor vil me hen? Kven skal bremse, og når skal me bremse? Kven skal tale borna si sak?

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulle så gjerne framleis hatt desse dagane med borna, og eg veit dei kjem til og sakne desse dagane heime, sjølv om dei trivest og har det bra på skulen sin.

Jan Magnus Bruheim beskriv kor eg vil hen på ein bra måte;

Han har ikkje stund til å stogge

Og ikkje tid til å sjå.

Menneska som han møter

Dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.

Det gjeld um å fara fort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje var det å gjera.

Det auka dess meir han fekk gjort

Så lid det til endes med dagen.

Han står der, studd over stav

Og spør: Kva har livet gjeve

Og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet

Utan å få det fatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei glede sprang etter på vegen

Men nådde han aldri aldri att.

Elin Haugo Kvåmme