Helsetenester i Kviteseid

I VTB på torsdag 15. juli skriv AP politikarane Bjørn Håvard Olsen og Geir Kjartan Lid, ein artikkel om Helse- og Omsorgssektoren i kommunen.

Artikkelen er opplysande og viser klar misnøye til rådmann, kommunalsjef for helse- og omsorg og personalsjef.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er trist å vera vitne til denne utviklinga. Eg trudde det var klinkende klart at prosessen med legekontoret nå var skrinlagt. Viser til vedtak med 10 mot 7 stemmer der det vart bestemt at prosjektet med Seljord skal avslutte. Likevel ser me nå at på Kviteseid Legekontor blir det ikkje legar i ferien og heller ikkje sjukepleiarar - dei blir overført til Seljord.

Når politiske vedtak blir motarbeida på denne måten - blir det ein umogleg situasjon. Me lever i eit demokrati, og då er det slik at det er dei valde politikarane som legg førigane og som administrasjonen skal fylgje. Når det ikkje skjer - må politikarane gjera dei nødvendige grep.

Kviteseid, 20.07.21

Arvid A. Syftestad