LESARINNLEGG

Hjarte i alle fargar – innspel frå Nynorsk kultursentrum

Dei siste vekene har det vore mange gode og engasjerte lesarinnlegg knytt til at nokre føresette bad om fritak for sine born då framsyninga Hjarte i alle fargar blei spela for mellomtrinnet på Kviteseid skule. Kvelden før framsyninga sende rektor ut eit tilbod til alle føresette om eit alternativt opplegg. Nynorsk kultursentrum skal ikkje meine noko om fritaksreglar, men me ønskjer med dette å fortelje meir om innhaldet i framsyninga og kvifor me meiner det er trist at nokre av elevane ikkje fekk oppleve framsyninga.

Hjarte i alle fargar er laga for 5. til 7. trinn og tek mellom anna utgangspunkt i kva læreplanen seier at elevane på desse trinna skal lære. Charlotte Øster fortel frå to bøker om born på om lag same alder, som handlar om å vere forelska, å vere usikker på eigen identitet og å prøve å bli kjend med seg sjølv. Framsyninga er spela for elevar i målgruppa fleire gonger. Gjennom tilbakemeldingar har me endra og justert, og resultatet er ei framsyning som treff målgruppa og engasjerer dei. Me ser at informasjonen om innhaldet i framsyninga, som gjekk ut til skule og føresette kunne vore tydelegare på korleis framsyninga er sett opp og kva elevane møter. Det er synd om dette kan ha bidrege til at føresette blei skeptiske og difor valde å søke om fritak for sine born. Men samstundes vil me ikkje leggje skjul på at framsyninga tek for seg skeiv kjærleik og identitet.

Nynorsk kultursentrum, og eg som barne- og ungdomsformidlar, er veldig stolte av Hjarte i alle fargar og av korleis forteljar Charlotte Øster har laga, og formidlar, ei framsyning som møter elevane på ein fin og respektfull måte. Ho stiller spørsmål, men har ikkje fasitsvar. Ho er nysgjerrig på elevane sine tankar og resonnement, og møter dei med respekt. Eg har sett framsyninga fleire gonger og blir kvar gong slått av elevanes openheit og nysgjerrigheit, og at Charlotte klarer å skape eit trygt og ope rom for dei.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS