Meiningar

«Hompetitten, hompetatten ...»

Lesarinnlegg

Publisert

Strofene til den gamle barnesongen kan godt vere overskrifta til dette lesarinnlegget. 

Det gjeld Rv. 38 frå Holtebru i Skafså tilmed Åmdals Verk. Nå er standarden på denne strekningen under ein kvar kritikk. I 2005 hadde Kyrkjebø skule eit Nysgjerrigperprosjekt med problemstillinga: «Kvifor er vegen forbi skulen vår så stygg?» Vegdirektoratet kunne informere om at fylkesveg 810 som går frå Skafså kyrkje til Grimdalen var den styggaste av dei 1628 fylkesvegane i landet i 2005. Vegvesenet opererte med ein indeks skala (IRI som står for International Roughness index) som gjekk frå 1 og oppover, der 6-7 var ein heilt ok veg å kjøre på. Når indeksen var 12, var vegen så å seie ikkje farbar. Vår veg hadde ein indeks på 15,2! Fylkesveg 809 som går frå Skafså kyrkje til Åmdals Verk var då den tredje verste fylkesvegen i landet.
Nå lurar eg på kva for ein indeks fylkesveg 38 kan ha i vårt område. Vegen har i lang tid vore i ein dårleg forfatning, og verre vert den år for år, særleg om våren. I vår har det vore svært mange tunge lass med tømmer som har blitt frakta på RV 38, og det belastar vegen i stor grad. Der vegen går opp til vårt hus i Skafså, er det så ille at dei som er kjent med vegen, stoppar mest heilt opp. Det gjer dei rett i. Andre som ikkje er så godt kjent, kan få seg ei skikkeleg overrasking. Like ved innkjøringa til Olav Urbø er det ei hole midt i vegen. Den er så djup at dersom ein ikkje er klar over den, kan ein miste balansen når ein er ute og går. Den er mest 8 cm djup, og slår hardt i bilen dersom ein ikkje går klar. Liknande hol kan ein finne andre stader langs denne strekninga. Dei fleste kjører ein god del i sikk sakk på vegen, og det er ikkje heilt etter reglane!

Eg går som oftast midt i vegen når eg har god oversikt framover. Då treng eg ikkje gå på skeiva. Eit alternativ er å bygge opp venstre sko. Dei som har rullator er mest nødt til å gå midt i vegen, for går du på venstre sida, vil rullatoren svinge ut mot grøftekanten heile tida. Det er også slik at nokre går med stavar. Det hender då at staven set seg fast i dei sprekkane som er over alt, både på kryss og på tvers.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS