Kommunestyrerepresentant: Sondre Aasan (Sp)
Tone Tveit
Meiningar
Hovudplagg, folkeskikk og ungdommens klokskap
Lesarinnlegg
I det sarkastiske diktet Ungdommens
råskap frå 1967 tok Jens Bjørneboe ungdomen i forsvar og avkledde
maktas dobbeltmoral i forsøket på å disiplinere dei unge. Snart 60 år seinare
har lite endra seg – behovet for kontroll er like sterkt, og tematikken i
diktet er framleis like aktuell.
Dette vart tydeleg då den store «caps- og luedebatten» tok fyr i Seljord. Debatten kulminerte i kommunestyret
20. mars, der fleirtalet vedtok å fortsatt forby hovudplagg innandørs i
skulane. Mot Senterpartiet og Raudt sine stemmer samla Høgre, Framstegspartiet
og Arbeidarpartiet seg mot det moralske forfallet dei meinte ville fylgje av
ein meir liberal hovudplaggpolitikk.
For så vill,
galen, sjuk og destruktiv har ungdomen i Seljord blitt – at dei vågar å krevje
retten til å bruke hovudplagg innandørs på skulen! (fritt etter Bjørneboe.)
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP