I kjølvatnet av lokalvalet: Me treng eit distriktas politiske talerøyr!
Heile tida opplever ein at storsamfunnet tek kloa i bygdesamfunnet sine naturressursar fordi storsamfunnet treng dei og nyt godt av dei, ofte for ein billig penge. Dette er historiske trendar som har vore der i heile etterkrigstida og som ein til fulle også ser i dag.
Den demokratiske kjøttvekta slår inn med full tyngde når saker skal handsamast og vedtak fattast. Taparen blir som oftast Bygde-Noreg fordi ein ikkje har røyster nok som talar deira sak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bysamfunn og andre store befolkningsstader trenger seg inn i distrikta i ferie og fritid fordi det er trongt om plassen der. Såleis får ein ei snikurbanisering av bygdene prega av ein slik kultur. Dette kan vera med på å lokke bygdeungdomen til sentrale strøk som på sikt gjev avfolkningseffekt i distrikta.
Det trengs ei bevisstgjering av at storsamfunnet er avhengig av dei ressursar som finst i distrikta, spesielt naturressursane og ikkje minst landbruket med sin matproduksjon. Det er på høg tid at ein får ei politisk mobilisering mot denne utviklinga som bare forsterkar seg heile tida, ikkje minst også fordi at dei fremste sentrale organ og beslutningstakarane befinn seg i byane og få av dei har bakgrunn i livet på landsbygda. Ingen av dei politiske partia synest å ha politisk, ideologisk og demokratisk kraft til å prøve å snu denne utviklinga, som bare blir forsterka i kraft av kjøttvekta.
Eit nytt bygdeparti eller distriktsparti må ha ein agenda til bygdesamfunnets beste både ideologisk og politisk. Kvifor? Fordi det går føre seg ei utarming av landsbygda der resultatet etter kvart kan bli fråflytta bygder som korkje bygdene eller storsamfunnet er tente med. Kor skal da storsamfunnet få tak i dei ressursane dei treng?
Jon Ingebretsen
politisk interessert og for tida partilaus