Meiningar

Ironisk nok – frå styringsparti til krenkekor

Lesarinnlegg

Publisert

At Arbeidarpartiet, Høgre og FrP styrer saman i Seljord, er i seg sjølv ein politisk konstellasjon med eit visst underhaldingspotensial. Det er nesten litt ironisk. Men at denne trioen no rykkjer ut i samla tropp – ikkje for å løyse ei krise eller lansere ny politikk, men for å ta avstand frå ironi og sarkasme – ja, det er nesten litt ironisk det òg.

Det er altså eit lesarinnlegg frå Aasan som har utløyst denne sterke samkjensla. Med sarkasme og glimt i auga tok han opp eit viktig tema – og vips, så stod krenkekoret klart, i full harmoni. Det blir antyda at tonen hans er respektlaus, useriøs og – skrekk og gru – eit forsøk på å fange unge veljarar. Det siste må vere det største politiske tabuet i 2025 – å få ungdom til å bry seg? Populisme …. Han har endra meining. Ja, ja det skjer.

La meg då vere heilt klar: Eg er samd med Ap, H og FrP i det prinsipielle. Eg meiner ungdom godt kan ta av seg capsen og hettegenseren i klasserommet. Som lærar veit eg kor viktig det er med augekontakt, interaksjon og ein viss skilnad mellom det formelle og det uformelle. Skulen er ikkje ein sofakrok, eller der du heng med vener, slik du gjer det på fritida – det er ein arena for læring og samhndling. Dette er ein del av danninga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS