Meiningar
Kanskje Vinje kommune heller må søke etter ein «språkdesignar»?
Lesarinnlegg
I VTB 4. april står det at Vinje kommune har hatt ei stillingsutlysing der dei søker etter noko dei kallar ein «tenestedesignar». Men kommunen er ikkje sikker på om søkaren heilt skjønnar kva dei legg i ordet, så dei skriv at søkaren skal vera med «å forme framtidas velferd i kommunen».
Kvifor nyttar kommunen eit engelsk ord som både bryt med norsk uttalereglar (design -desain) og som er så lite bruka at dei må forklare det? Kvifor ikkje bruke ordet formgjevar eller utviklar?
Kanskje Vinje kommune heller må søke etter ein «språkdesignar»?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP