Kjære deg Olemann - ord ved di båre 4. april

Minneord

Kven er det me sei farvel til her i dag? Eit medmenneske, ein kjærast, ein ektemann, ein far og ein bestefar, ein svigerfar, ein bestevenn, samt eit levande leksikon.

Han lo like mykje sammen med andre som han lo av seg sjølv. Han elska jobben sin, Sigrid og lungemos. Han elska Elvis, raude sko og lakriskarameller. Elska Gunn Reidun, Kristian og Tarald, svigerborn og borneborn svært høgt. Han drøymde ikkje om Gran Canaria og basseng. Han elska bilturar, sport og resultater. Spikka vedpinnar så vi ikkje skulle fryse. Han sette pris på uventa besøk, på bygda si og var stolt på andres vegne. Kjøyrde ut til Kjell Åsen i Treungen med eigensmurte rekesmørbrød. Fekk folk til å føle seg vel. Fekk folk til å føle seg dyrebare. Han var betydningsfull for så mange. Betydningsfull for Steingrim og betydningfull for meg. Ærefullt å kunne bevare. 

Så rammas denne gode mannen og vennen vår av sjukdom, samt utviklar ein demenslidelse. Han spurte om det same fleire gonger og eg tenkte: for ei lykke at eg kan svare fleire gonger. Nå må vi minnast Olemann og vi må spørje og svare sjølve.

At han fann denne dama si på Nordgård Tveit i Treungen og tok henne som kone var rimleg stor lukke. Det var faktisk eit under, spør de meg! Han trengte hennar temperament og direkthet, samt forsiktighet, tilstedeværelse, omsorg og pågangsmot. Ho har vore mi barndomsvenninne i nærare 70 år, gud bedre for ei tid og takk til henne som framleis held ut med meg!

Eg fekk kjenne ein vennleg mann, ein hedersmann, ein kundevennleg mann, ein respektfull mann, ein kjent mann, ein heimens mann, ein stolt mann. Eg vil minnast latter, god prat og fekk oppleve at ordlausheten hans tiltok. Du gjorde mange glade og du gjorde mange gode du, Olaf Kjell Lie! Du fortjener det beste derfor hedrar eg deg i dag. Eg beundrar deg for alle rosene du gav Sigrid. At du sa du var så glad i henne, til og med torsdagen før avreise. Av meg får du rosande ord med på vegen. Så uendeleg vel fortjent. Dei varer evig. «For evig eigast kun det tapte». 

Du både tapte og du vann Olemann. Vegen dit - den vart ikkje enkel. 

All verdens klemmar frå Inger og Steingrim.

Inger Moen

Powered by Labrador CMS