KRONIKK
Kjære vesttelar, eg treng hjelp.
No har eg hatt gleda av å bu i Vest-Telemark i ti år, og eg har fått lære å kjenne dei stolte, arbeidsame, humoristiske og sta innbyggjarane her. Den typiske vesttelen er glad i kulturen sin, inkludert dialekten. Vest-Telemarksdialekten er truleg ein av Noregs aller finaste dialektar. Heilt objektivt, sjølvsagt.
Til dagleg arbeider eg på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, der eg underviser i blant anna norsk. Dette går litt opp og ned. Det er nemleg slik at vesttelen, som ein del andre nordmenn, er så nøgd med dialekten sin at han meiner at eit eige skriftspråk er heilt overflødig i det daglege. Vi i skulen prøvar å lære ungane og ungdomane å skrive godt, men det er utfordrande når mange vaksne strittar imot. Ivar Aasen og Aa. O. Vinje skulle berre visst at det å lage eit skriftspråk basert på eit breitt utval dialektar ikkje var nok for nordmenn, at den unike løysinga vi har i Noreg med to skriftlege utgåver av det same språket som gjer at det skriftlege passar betre til det munnlege, ikkje er god nok tilpassing. Nei, her må alle kunne skrive akkurat slik dei snakkar for at det skal vere demokratisk nok. Eg skjønar at Sigbjørn Hjelmbrekke i Telemark mållag kjenner behov for å repetere «Kvifor me har nynorsk» (VTB 19.11.).
I starten av skuleåret hender det at eg vert usikker og spør elevar om det er nynorsk eller bokmål dei skriv til vanleg, altså om kva som er hovudmålet deira, og får svaret «Eg veit ikkje eg, eg berre skriv.» Ja. Eg ser det. Eg har elevar som leverer inn norskprøver på rimeleg god nynorsk i eine augneblinken, og skriv melding til meg fem minutt etter – på dialekt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP