Klimaismen vår nye (stats)religion
Takk for svaret Jørgen M.B. Grønneberg. Du gjorde det heilt klårt at me har fått ein ny religion. Det er trua som tel. Eg smanliknar med andre religionar.
Samanlikninga med andre religionar er svært slåande. Kyrkja hadde sitt fyrste store møtet i Nikea i år 325. Her vart det avgjort kva som var den rette læra og her vart grunnlaget lagt utfrysing av dei som ikkje var samde, kjettarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klimaismen hadde sitt liknande møtet i Paris, der klimaavtala vart skriven og den store satan, CO2, vart hengd på veggen. Det var ikkje grunnlag for tvil.
Profetane, sit i IPCC, FN sitt klimautval. Derifrå kjem profetiske spådomar: Dersom ikkje menneskja vik i frå CO2 i all si ferd, så kjem straffedomen. Dei lagar mange innfløkt klimamodellar som aldri har stemt med faktiske målingar gjennom tretti år. Dei syner alt for sterk oppvarming, men dette er svært nyttleg for å skræme folk. Gjennomføring av avtala skal koste 300 milliardar dollar.
Domedag er nær der alt kollapsar. «Jorda koker» som Rasmus Hansen sa. Dersom me ikkje klarar å stoppe oppvarminga før 1,5 grader vil verden brenne opp.
Dette har blitt ein statsreligion i allefall her i landet. Men det finst ei råd. Betal avgifter. Til større avgifter, gjerne tredobling av CO2-avgifta, til meir fjernar me den store satan. Det gjer ingen ting om me ofrar titusenvis av arbeidsplassar. Dei klimatullingane som endå køyrer fossilbilar skal få svi. Dieselpopulismen må knekkast. (Bart Eide) Det skal bli så dyr diesel og bensin at bilane må stå. Men det er i likskap med katolisismen i tidlegare tider høve til å kjøpe seg fri frå skjærsilden dersom ein kjøper klimakvotar.» Når pengene i kisten klinger, da CO2 ut av luften springer»
Det er mykje god religion i dette.
For Jørgen M.B. Grønneberg så var det svært viktig å slå fast. Dette er alle rett-truande enige om. Det er konsensus mellom alle. Det er så sikkert at ingen ting kan vera meir sikkert. Det er 99,99 % sikkert at klimaendringane er menneskjeskap og det er CO2 som har skulda. Her er det ingen rom for tvil. Men som Grønneberg peikar på her er kjettarar, såkalla bygdetullingar, climate cranks. Desse har ikkje, eller vil ikkje sjå lyset, og som Rønneberg heilt rett peikar på dei blir nekta spalteplass for sine tullete avisinnlegg. Det er heilt sant. Eg har ikkje fått inn eit einaste innlegg i Varden etter nyår, og i Nationen måtte eg nærast truge meg til å få inn eit innlegg i dag 10. feb. 21.
Desse tullingane kan samanliknast med nazistane som røysta på Nasjonalsamling og Quisling i 1936. Heldigvis berre 2 %. Men for grusome konsekvensar det fekk, men dei visste ikke betre. Slik er det med oss klimatullingane, me veit ikkje, men dei Grønneberg m.fl.veit kva fryktelege konsekvensar med for varm jordklode fører til. Dei sit inne med kunnskapen.
Men det er og ein annan stor skilnad på desse menneskja: Klimaidealistane er altruistiske og handlar til beste for alle. Men dei andre, bl.a Halvor Øygarden, er ein motpol som er egoistiske og berre tenker på seg sjølv. Klimaismen skil som andre religionar mellom dei gode og dei vonde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så kjem det svært viktige; Klimaidealistane har kome fram til sin overtyding om «at klimaendringene er menneske skapt, alvorlige og må håndteres på grunnlag av fordomsfri gjennomgang av tilgjengelig kunnskap.»
Her har me skilnaden på dei gode og dei vonde. For skeptikarane trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar og avviser enhver kunnskap som ikke underbygger dette». Det er også skilnad i intelligensen. Tullingane har lite vit stakkar. Det er i grunnen litt synd på dei tykkjer eg.
Takk Jørgen M.B. Grønneberg for eit djuptenkt og opplysande svar. No har eg også sett lyset. Domedag er nær.
Halvor Øygarden