Minneord

I kapellet: Ellen Bojer Nordstoga i Sandbukapellet.

Kulturberaren Ellen Bojer Nordstoga til minne

Det var trist og vemodig å høyre at Ellen Bojer Nordstoga – denne viktige stemma for kulturarven vår – døydde fredag den 16. august, 83 år gamal. Eit engasjement og ei stemme som ikkje minst vi i Stiftelsen Norsk Kulturarv har hatt så mykje nytte og glede av.

Ellen vart valt som varamedlem til styret i Stiftelsen Norsk Kulturarv under årsmøtet i 2009, og kom inn som fast medlem av styret året etter. Der var ho ei kunnskapsrik, engasjert og uredd stemme fram til ho gjekk ut av styret i 2016. Vi fekk oppleve at Ellen i sitt virke favna om eit vidt spekter innan kulturarven vår; Mat og matkultur, bygningsvern, handverk, utdanning, berekraft, folkemusikken, dansen og songen. Kontakten med oss, og engasjementet rundt det vi driv med vara livet ut. Det er vi så takknemlege for.

Særleg aktivitetane våre inn mot barn og unge, er noko av det Ellen heile tida har vore mykje oppteken av. Fyrst og fremst prosjekta våre «Rydd et kulturminne», Norsk Smaksskule og den vidaregåande utdanninga innan tradisjonshandverka på Hjerleid i Dovre. Som med smaksskulen vår, foreslo Ellen i si tid at vi burde tilby kurs på Hjerleid for lærarar innan kunst- og handverk-faget i grunnskulen. Nå er «Sløydskolen» ein realitet, og ein stor suksess. Ellen sat i styret for Handverksskulen på Dovre som representant for Stiftelsen Norsk Kulturarv, ein av eigarane av skulen dei siste 20 åra.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS