Meiningar
Kva skjer i Kviteseid
Lesarinnlegg
I Kviteseid skjer det mykje positivt og fint. Det er det ingen tvil om. Men ein plass ser det ut som det skjer for mykje og for ofte. Eg tenker på flukta frå legekontoret. Kva er det som er grunnen til atlegane reiser straks dei har kome godt i gang? Det er ikkje bare ein. Her i huset var me glade då me fekk melding om at me endeleg hadde fenge ny fastlege. Eg rakk eit besøk, og tenkte - det var ein bra lege - Så var han også reist!
Det blei forsøkt med felles kommunelege med Seljord ei stund, utan hell. Eg foreslår at ei ekstern gruppe ser på kva som er grunnen til at det er umogeleg å vera lege i Kviteseid. Det kan ikkje vera legesekretærane, for dei er både flinke og hyggelege. Då må problemet ligge ein annen stad.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP