LESARINNLEGG

Kven skaper mest uro for villreinen, jegeren eller turisten?

I VTB 29/7 2022 skreiv Jon Ingebretsen at Tommy Lindskog i sitt innlegg (i fleire aviser) om villrein og forstyrringar, ikkje nemner at «jakta er eit uromoment ». Og i VTB 28.11 på nettet, skriv Jon at styresmaktene ikkje må drive vinterjakt på reinen i kampen mot skrantesjuke. At vinterjakt frå helikopter vil uroe reinen er sikkert. Om grunngjevinga for tiltaket er god nok får me sjå etter kvart. Men her må det seiast at Jon ser som vanleg heilt burt frå kva som forstyrrar reinen mest på Hardangervidda: Den Norske Turistforening (DNT) sitt tette nettverk av stiar og hytter som fører tusenvis av fotturistar inn på vidda. Turismen driv reinen inn på små areal midtsommars og skaper mykje uro. Dette vart grundig dokumentert alt i NINA Rapport 982 frå 2013. Med bruk av data frå GPS merkte simler er det rekne ut kor fort dyra trekker til ulike tider av året. Figur 2-6, i Rapporten syner resultatet, den er attgjeven som Figur 1 nedanfor. Me ser at farten stig utover sommaren og er oppe i 550 meter i timen i høgsesongen for turgåing. I jakta gjekk farten ned til 460 meter per time.

At det er folks ferdsel driv opp gjennomsnittsfarten så mykje om sommaren prova eg i ein artikkel i årboka Villreinen 2021. Eg gjekk gjennom alle GPS merkte simlers kryssingar av stien Haukelisæter-Hellevassbu-Litlos, frå 2001 til og med 2020. Koordinatane vert stort sett lagra kvar tredje time, slik at ein kan måle opp gjennomsnittsfarten i kvar tri timars periode. Figur 2 syner korleis trekkfarten varierer gjennom døgnet i den tri timars perioden dyra kryssar stien og i dei to periodane før og etter. Farten aukar utover dagen og er om lag dobbelt så høg i den perioden dyra kryssar som i perioden før og etter. Dette gjeld både når dyra trekker frå aust mot vest og motsett.

Reinen i Nordfjella hadde mykje lågare trekkfart om sommaren (Mysterud m.fl. 2019) før den etter påtrykk frå EU (sjå Lier Hanen https://www.nrk.no/vestland) vart utrydda av staten i 2018. I Nordfjella var trekkfarten 97 meter per time i middel for dag og natt i turistsesongen. Når dyra må springe oftare og fortare brukar dei meir energi. Nilsen m.fl. (1984) målte hjartefrekvens i rein som sprang på tredemøller og fann at effekten i watt per kg kroppsvekt var lik 1.5 + 0,77 multiplisert med farten i km per time. Set me gjennomsnittsfarten for Hardangervidda og Nordfjella inn i formelen får me høvesvis 1,92 og 1,57 watt per kg kroppsvekt. Dette inneber at reinen på Hardangervidda om sommaren har minst 22 prosent høgare energiforbruk per kg kroppsvekt enn det reinen i Nordfjella hadde. Når dyra på Hardangervidda har så høgt energiforbruk i den beste beitesesongen er det ikkje merkeleg at vidda har dei minste og magraste kalvane blant alle landets villreinområde. I år var middelvekta for simlekalvar nede i 11,4 kg. Etter «Kvalitetsnorm for villrein» er middelvekt under 15 kg raudt nivå og krev tiltak. Når simlekalvar i god kondisjon kan vega opp mot 20 kg seier det mykje om elendet som har vart i fleire tiår.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS