LESARINNLEGG

MDG, Bendikte Nes, Lårdalsåi ei avgjerd for framtida?

Lårdalsåi ei avgjerd for framtida, skriv Benedikte Nes i si overskrift, ja kanskje det? Det kan fort bli slik om MDG og politikarar som eg har valgt å skrive her, bare ser ei side av ei sak. Som kjent har ei sak to sider. I mange saker kan det sjå ut som politikarane ikkje set seg inn i sakene 100%, håpar dette ikkje er tilfelle her, men eg undrar meg likevel.

Kor lenge har fru Nes studera Lårdalsåi ? Eg har vore busett i bygda i nesten 50 år og fylgd elvas vassmengder. Her må ein gjera det heilt klart at elva forsvinn ikkje, bilder av Hommefossen når det går lite eller mykje vann kan ein fortsatt fotografere, vann til fisken i elva og andre dyr blir det. Du skriv B. Nes at politikarar som har stemt for utbygging må stå til ansvar, då vi eg bare gjera det klart at det må du og dei som stemte mot også stå til ansvar! Elva vil fortsatt bli ei kjelde til daglege opplevingar etter utbygging for dei som bur her, ha det klart for deg! Du har tidligere sagt at det ikkje vil gjeva noko arbeid utover anleggsperioden, det er sjølvsagt feil, dette anlegget må og fylgjast opp til ein kvar tid.

Konsekvensar for innbyggartalet i Lårdal kan dette bli. Men det er kanskje husdyrbeite MDG ynskjer i denne bygda, som har hatt sagbruk, kraftverk, trappefabrikk, gardbrukarar, spinneri, butikkar, skular,og gruvedrift. I denne elvesaka ligg det mykje grums og splid, det er svært trist! Underskriftslista som du referer til har svært dårlege argument om du har lese kva dei skriv.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS