Minneord

Minneord om Harley J. Refsal. – Han sette campus Rauland på det norsk-amerikanske kartet

Harley J. Refsal (fødd 25. 12. 1944) døydde 8. september i Decorah, Iowa. Harley var professor emeritus i skandinavisk folkekunst ved Luther College i Decorah. I 1988-1989 tok Harley utdanning i folkekunst ved det som den gongen var Høgskulen i Telemark, Rauland. Han og kona Norma og sønene Carl og Martin budde eit heilt studieår i Rauland. Dei kjende seg heime der og så tilbake på året i Telemark med stor glede. Harley drog fleire gonger seinare tilbake til Rauland og jobba som kursleiar i treskjering. På den måten var han med på å sette campus Rauland på det norsk-amerikanske kartet.

Harley vaks opp på ein norsk-amerikansk gard i Hoffman, ei jordbruksbygd vest i Minnesota. Her hjelpte han til i gardsdrifta og her lærte han seg norsk språk frå besteforeldra sine og blei alt som barn tospråkleg. Han henta inspirasjon til mange av sine seinare figurar frå det norskamerikanske miljøet han kjende frå oppveksten.

Harley tok utdanning ved Augsburg College i Minneapolis. Her song han i skulekoret og dei drog på turne i Noreg i 1968. På denne turen fekk Harley augo opp for folkekunst, noko som blei avgjerande for retninga hans seinare. Etter Augsburg tok Harley teologisk utdanning i St. Paul, Minnesota og fekk stilling som studentprest ved Luther College. Seinare underviste han på same college i skandinavisk folkekunst og norsk språk. Han blei ein kjend treskjerar i Midtvesten og fornyar av det han kalla «flat-plane carving», ein form for grovskjering av trefigurar. I 1996 fekk han St. Olavsmedaljen av kongen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS