Fjellmannen: Olav Teigland frå Tjønnegrend i Vinje.

Minneord om Olav Teigland

Olav døydde 7. sept. på Vinje helsesenter der han hadde vori nokre dagar.

Olav var den eldste av 11 sysken. Foreldra, Rannei og Sigurd var bureisarar på Teigland i Tveito grend, Han gjekk folkeskulen i Særensgrand, der han mellom anna hadde Halldis Moren Vesaas som lærar, noko han sette stor pris på, for ho var flink. Framhaldskulen gjekk han på Nesland og seinare yrkesskulen i Lunde. Han gjekk også skogsarbeidarskulen på Sønsterud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han måtte tidleg ut i arbeid. Han var gjerne med far sin på husbygging, men like ofte i skogen. Berre 13–14 år gamal arbeidde han åleine i skogen, ofte med vindfall som er ein livsfarleg hogst. Om somrane var han slåttehjelp fleire stader bl.a på Havradalen, der lika han seg godt. Der var snille folk og god mat.

I 1954 kjøpte han Rottjønn, ein veglaus heiegard i Kostveit krins. Gardern hadde stor utmark med heieskog og fleire fiskevatn. Der var mange hus som måtte setjast i stand.

Les også
Han Olav på Rottjønn

I 1957 gifte han seg med «Lalla» (Margit Vaa) og dei fekk eit langt og godt liv i saman. Dei fekk to born, Randi i 1957 og Gunhild i 1966. Det vart eit stort sakn for Olav og familien då ho døydde i 2013.

Garden vart drive med dyr i alle år, dei fyrste åra med sau. Etter bilvegen kom til gards vart det meir kyr og smørproduksjon. Det vart bygd nytt kufjøs i 1964 og då mjølkebilen køyrde til gards omkring 1970 vart det mjølkelevering.

Resursane i utmarka vart godt utnytta gjennom tømmer og vedahogst. Fiskevatna vart kultiverte og haldne vedlike med fisking. Olav hadde 4 eigne hestar i si tid. Dette var trugne arbeidskameratar i skogen og Olav var glad i hestane og stelte godt med dei. Han trena hestane til tråvkøyring og fire gonger vann han iskøyringa på Sundkilen i Kviteseid.

Han lika og å konkurrere og som slåttekar var han med på slåttefestivalen i Hjartdal, der han gjekk til topps fleire gonger.

For Olav var det viktig å trene og halde seg i form. Det høvde godt saman med det harde livet i skogen og på garden. Han var ein trufast deltakar på turrenn, slik som Sigurdsbu, Gullneslåmi, Brattefjell og Gaustaløpet m.m. Han fekk mange gode plasseringar. Det aller gjævaste var Birkebeinaren. Her gjekk han 15 gonger og fekk 15 merke. Tidene hans var så gode at han ville fått merke i yngre årsklasser. I heimlege turrenn minnest han konkurransen med Jon K. Versto og Olav Mostaul. Dei var gode sa han. Han var æresmedlem i Vinje Idrottslag.

Han vann fleire krinsmeistarskap i 30km, 15 km og kombinera. Han hoppa 73 m i Skuibakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han let etter seg ei stor premie samling, med mange pokalar.

Eit langt og slitsamt liv i skogen, på garden og i skiløypa er slutt. Men han var så nøgd. Han fekk vera heime lenge takka vera god hjelp frå kommunen og familien. Dei passa på han.

Som han sa: «Me livde aldri i luksus på Rottjønn, me hadde det godt og ho (Lalla) var så snill og flinke».

Ein heidersmann har fått kvile og det unner me han så godt.

Halvor Øygarden