Minneord

Minneord om Stein Baardseth

Den gode kjennskapen og venskapen med Stein kom til gjennom felles interesser i turar og friluftsliv. Me var begge tillitsvalde i det som den gongen var Skien-Telemark Turistforening (STT) og var serleg knytt til turkomiteen der som planla fellesturar for heile dei komande tursesongane. Me byttest om å vera turleiarar også med andre, der Stein var kjent for å vera ein rolig og sindig men også bestemt og erfaren turleiar som den opprinnelege hedemarkingen han var. Som mangeårig lærar ved grunnskulen i Seljord, kjende han seg nok meir og meir som seljording. Ved skulen der fekk han i stand friluftsliv som valfag, noko som slo godt an og blei populært blant elevane. Stein brant for utelivet i lag med dei unge og såg kor positivt det var for dei. Mange er dei timane og dagane han la ned i Tjorbu-området på Lifjell og arbeidet med fiskevatna der. Elles var han ein naturglad person som aktivt bruka heile seljordsida av Lifjell som turområde og læringsarena.

Stein var aktiv også på det meir kulturelle området, serleg innanfor folkedans, og mange er dei dansekursa han hadde rundt om i heile Telemark. Elles tok han aktiv og inspirerande del i mange sider av samfunnslivet.

For heile innsatsen sin innanfor natur- og kulturformidling i vidaste forstand gjennom ein mannsalder, mottok han i aktiv alder for ein del år sidan Kongens fortenestmedalje. Tidlegare hadde han blitt tildelt Seljord kommune sin kulturpris.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS