KRONIKK
Illustrasjonsfoto: Akkurat nå treng 119 barn i alderen 0 –18 år ein ny heim fordelt på fylka Agder, Vestfold, Telemark og Buskerud.
Johnér
«Når nettene blir lange…»
Slik startar ein av dei mest kjente og kjære julesongane vi har i Noreg. Kva Alf Prøysen hadde i tankane då han byrja å skrive på Musevisa for om lag 80 år sidan, er ikkje lett å vite. Han vaks opp med begge foreldra sine, to systrer og ein fosterbror.
I alle år har jula hatt ulik tyding for både store og små, det trur eg vi trygt kan seie. Jula er ei fin høgtid for mange. Det er ikkje berre ein friperiode frå livets kjas og mas, men ei tid fylt med lukter, smakar og lydar frå julemusikk. Jula blir opplevd forskjellig, avhengig av om vi har eit heim å dra til, og ein trygg familie å vere saman med.
Harde pakker og eim koseleg heim står på ønskelista til 9 år gamle «Kaja». Ho har venta lenge på ein ny stad å bu. For «Kaja» har jula vore ei tid prega av mykje alkohol og bråk mellom dei vaksne. Det har vore stikk i strid med Musevisa sitt bodskap om at på julekvelden, då skal alle saman vere glade.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP