Jan Helge Breidalen (t.v.) og Aslak A. Midtbøen.
Elin Fjalestad
Meiningar
Ny runde om privatisering av kommunale vegar, reelle innsparingar
Lesarinnlegg
Saka om
privatisering av kommunale vegar i Kviteseid var sist oppe i kommunestyret
13.02.25. Etter framlegg frå Gunnar Ruud (H) blei saka då utsett fordi
kommunestyret ville ha ein betre dokumentasjon på innsparinga privatiseringa
kunne gje.
Saka kjem nå
opp på nytt, men me kan ikkje sjå at kommunedirektøren har gjort som
kommunestyret bad om, men kjem med same reknestykket som sist, bare med auka
meterpris.
Reknestykket
er like enkelt og mangelfullt som sist. Kommunedirektøren tek samla utgifter
til kommunale vegar og delar på antal meter, og finn slik ein meterpris. Men
det er no som sist ingen spesifisering av kostnadene ved dei einskilde vegane.
Det seier seg sjølv at kostnadene er forskjellig for ulike vegar, t.d. mykje
meir kostbart der snøen må køyrast bort, vegane feiast, og ikkje bare snøen kan
brøytast til side.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP