«Kjære politikarar/beslutningstakar, tenk om det var DI mor som låg ute, muligens i snøstorm eller regn, og venta i 1,5 t før ambulansen kom?»

Me som bur i utkantstrok (eller midt i Sør-Noreg, like langt til Oslo, Bergen, Stavanger, Arendal, Skien osv), bur her av fleire årsaker. Dei fleste av oss er nok oppvaksne her, kanskje også fødd her, eller fødd langs vegen til næraste sjukehus (15-17 mil). Andre har hytte her, og mange ferdast langs E134. Nokre av oss har flytt hit av eigen frie vilje .

Me bur her på grunn av arbeid, familie/vener, gode barnehage/skuletilbod/eldresenter, god plass, flott natur og fritidstilbod som stort sett inneheld frisk luft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessverre er ikkje alt idyll. Dette har då som oftast å gjera med avstandar. Avstand til sjukehus, ambulanse, lege, tannlege, politi. Altså offentlege tenestar.

Vinje kommune har vel snaue 4000 innbyggjerar. I helger og feriar er talet mangedobla.

Er det då nok med 1 stk ambulanse – på opptil 4000-10000 personar? Kva om denne faktisk er på oppdrag? Kan det skje at to, eller heile 3 av desse 4000-10000 blir sjuke på same tid?

Det er tydeleg at dei som sit og styrer desse tenestane, bur i nærområdet til desse tenestene (les bynært).

Vil påpeike at ambulansefolka gjer ein framifrå jobb. Dei får all ros og støtte !

For å konkretisere nokre av utfordringane: I haust fall ei dame på 83 år og brakk lårhalsen. Dette skjedde ute. Det vart ringt 113 kl 1258. Ambulansen dukka opp 1430, altså 1,5 time etter at det vart ringt. Dama låg ute og kunne ikkje flyttast utan ordentleg båre, noko som ikkje var å oppdrive, heller ikkje på det lokale legekontor (som var stengt). Personell frå den lokale redningsbilen kom med ulltepper. Det var heldigvis opphaldsver den dagen. Uansett – ho låg ute og venta i 1,5 time!

Dette er på ingen måte ei eigongshending. Berre i vår familie har det skjedd to gonger at ambulansa har tatt 1,5 time før den kom. Begge gonger var ambulansa på anna oppdrag ...

Kjære politikarar/beslutningstakar, tenk om det var DI mor som låg ute, muligens i snostorm eller regn, og venta i 1,5 t før ambulansa kom? Og som det tok 5 timar frå fyrste kontakt med 113 til ho ankom sjukehus?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eller tenk om det var ditt barn?

Eller ektefelle?

Kva om det hadde vore eit hjarteinfarkt?

Eller slag?

Tenk om det hadde vore DEG når du var på hytta på fjellet?

Eller ei trafikkulykke langs E134.

Som oftast gjeld dette også når ein tilkallar politi. Om det er trafikkulykke, innbrot eller fyllekøyring, hendelsar som ofte inntreff i helger/feriar, tek det veldig langt tid til dei er på plass.

All vår tryggheit er i det lokal brannmannskapet, som er raskt på staden, som er dyktige og trygge.

Artikkelen held fram under annonsen.

På toppen av det heile ynskjer «dei» at ambulansehelikopteret skal vera stasjonert i Skien eller Arendal. Kva i all verden tenkjer dei med? Kva skal dei med helikopter? Som oftast gjeng det ikkje meir enn 30 min frå kontakt med 113 til dei har vore avlevera på sjukehuset. Det er for oss (og dykk når de er på ferie) at det er nødvendig med helikopter. Då må det vera stasjonert HER!

Me må altså stort sett klare oss sjølve – og tydelegvis vera tøffare enn resten, skal me overleva.

Men er det rettferdig? Me betalar også vår skatt ...

Kva skal til for at me i utkantane blir høyrde, og vårt liv like mykje verd som ein bybuerar?

Som bonde, kan eg sei at dyra har betre ordningar her i distriktet, enn det folk har. Der kjem «legen» ut til pasienten, og det er for eksempel ikkje lov å frakte drektige kyr seiste mnd av drektigheten ...

Elisabeth Haugarne, Haukeli