Planstyrt utvikling eller tilfeldig dispensasjonspolitikk

Ein les ofte i lokale aviser om dispensasjonar frå areal- og reguleringsplanar. No sist var det samfunnsutvalet i Seljord som innvilga dispensasjon frå ein reguleringsplan i Åmotsdal. Der vil ein utbyggar bygge ei mykje større hytte enn det som er sett som øvre grense i reguleringsplanen. I saka kjem det fram at det tidlegare er blitt gjeve ein dispensasjon til ei endå større hytte.

I tilrådinga frå administrasjonen var det ikkje peika på nokre vesentlege samfunnsmessige fordelar ved å innvilge søknaden, ei heller nokre større negative konsekvensar. Eg skal ikkje gå nærare inn i denne spesifikke saken, men bruke den som eit døme når eg no vil kommentere bruken av dispensasjonar generelt. Sentralt her blir konsekvensane av å gje dispensasjonar frå areal- og reguleringsplanar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom politisk styring av planprogrammet bestemmer politikarane kva for planar som skal rullerast og når. I nokre tilfelle kan ein reguleringsplan bli så gamal og utdatert at det er naudsynt å gje dispensasjon frå plankrava i påvente av ei ny rullering. Ein dispensasjon frå einskilde krav i planen blir då ei politisk føring for kva den nye planen skal ta høgd for. Politikarane bør då også bestille ei ny rullering av gjeldande plan, slik at dei nye behova blir teken omsyn til. Om ein ikkje det gjer, men berre held fram med å gje den eine dispensasjonen føre den andre, då har politikarane i praksis sett tilside sin eigen vedteke reguleringsplan til fordel for ei meir eller mindre tilfeldig utvikling.

Å utarbeide areal- og reguleringsplanar er eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid. Dei politiske føringane og det politiske handlingsrommet bør brukast før planen er vedtatt. Når planen først er vedtatt bør vi derfor ha stor respekt for planverket. Om ein vel å gje dispensasjonar frå planane sine, så skal desse vere godt grunngjeven. Fordelen av dispensasjonen skal allment vere openbar større enn ulempa av å gje dispensasjon. Om ein til dømes gjev dispensasjon fordi «folk må jo få det som dei vil» så seier vi eigentleg at planane ikkje er naudsynte. Då undergrev vi autoriteten til så vel politiske vedtak som planar og vi fortel planavdelinga i kommunen at jobben dei har slite med eigentlig berre er staffasje. At den ikkje betyr noko i det praktiske.

Planverket har som oppgåve å regulere ei utvikling slik at den blir slik demokratiet ønsker. Planverket skal verne natur og artsmangfald, styre og regulere arealforbruket, ta omsyn til allemannsretten og ta omsyn til klima. Planverket skal gje innbyggarar og utbyggarar føreseielegheit. Den skal og sørge for at aktørar som er berørt av planen har like vilkår. Dersom vi vel å gje ein aktør dispensasjon frå ei vedtatt regulering, så må vi ta høgde for at det i rettferdas namn skapar presedens. Vi kan ikkje tillate oss å handsame eine søknaden ihht planen mens den andre ikkje treng det. Når ein gjev dispensasjonar utan tungtvegande grunngjeving så peiker vi nase til dei aktørane som før har teke omsyn til reguleringane i planen og halde seg til det. Då opptrer vi populistisk.

Per Atle Einan

lokalpolitiker