Sondre Aasan.
Øystein Øygarden
Meiningar
Prioriteringar - kosmetikk og framkome
Lesarinnlegg
Kvar einaste i dag i 2024 hadde Seljord kommune eit overforbruk på omlag 55.000 kr. Senterpartiet er uroa for den økonomiske ubalansen i ei tid med store investeringsbehov. Senterpartiet har fremja fleire forslag som både ville auke inntektene og redusere utgiftene det siste året. Alle forslag har blitt nedstemt.
Det er viktig å sette tæring etter næring når økonomien er anstrengt, og prioritere stramt, også med tanke på dei store investeringane vi står framom i åra som kjem.
Seljord sentrum har fått eit stort løft med nyasfaltera veg og gang- og sykkelveg. Dette prosjektet hadde ei ramme på 10 millionar kroner. Det står att å ferdigstille ein strekning der det har blitt skifta VA-nett. Det står att 2 millionar kroner for å ferdigstille denne strekningen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP