Ordførar Tarjei Draugedal.
Elin Fjalestad
Meiningar
Privatisering av vegar, premisser som ligg til grunn
Lesarinnlegg
Den
viktigaste grunnen til å privatisere kommunale vegar er for å spare arbeid og
pengar for kommunen. Brukerane av vegane veit også best kor «skoen» trykkjer.
Mange, ja
kanskje dei fleste av vegane i kommunen er private. Så har det av praktiske og
kanskje historiske årsaker, vore eindel kommunale vegar. Særleg i regulerte
område har kommunen tatt ansvar for vegane, og det er vel hovudprimisset
no og.
Eg har
vore med på to runder før om privatisering. Etter mykje om og men, blei desse
forslaga «lagt i ein skuff». Ingen orka støyen og
beskyldningene som ein visste kom. Ofte var det politikarar som blei råka av ei
eventuell privatisering som jobba hardast mot det, naturlig nok. At dei heilt
klart var ugilde i saka, var aldri eit tema.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP