LESARINNLEGG

Dødeleg metall: – Viss ei kyr får metallbitar i magen, får magesekken og tarmane sår, forklarar 6. klassingen Jone Solstad i sitt innlegg. Biletet er frå Skolås gard, og viser korleis ei kyr dei måtte avlive hadde blitt kutta opp innvendig.

Redd ei ku!

Skolås er ein gard i Øyfjell som har mange kyr. Eg likar å vera med kyrne og jobbe på garden.

Men det er eit problem. Nokon av kyrne har fått bitar frå metallboksar i fôret sitt. Viss ei ku får metallbitar i magen, får magesekken og tarmane sår. Det er dei skarpe kantane på boksane som kuttar opp magen til kyrne. Det er veldig vondt for kua og ho får så store sår at ho må bli avliva.

I sommar kan du hjelpe! Ikkje kast metallboksar i naturen!

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS