Minneord

Så mange kjende Solveig Iversen Naper (1944–2024)

Kviteseid: Kven var Solveig? spør du.

Eg kan svare: Ho kom frå det blide Sørlandet, og var fødd Iversen i Kristiansand. Så kom det ein ungdom frå Vråliosen i Vest-Telemark for å gå på gymnas i byen. Ådne Arne Naper møtte Solveig. Dei vart eit vakkert par som stifta familie, og han satsa på ingeniør-utdanning i Trondheim. Fekk god jobb i Grimstad før dei kom til Kviteseid. Her såg Solveig seg omkring, samla seg kring sitt fargerike interessefelt og fekk mange vener - med sitt blide smil, sitt opne sinn og ein omsorgsfull veremåte. Ungdomane i familien vart: Gunnar, Sondre og Anne Elisabeth, som drog frå Bygde-Noreg til sine viktige studiar i bystrøk.

Så kom det bustadår i Vråliosen for Solveig og Ådne. Han drog til gardsarbeidet og jobb i Tokke kommune. Ho som husvertinne, vennesamlar og viktig familieperson på garden, før dei i 2008 kjøpte hus i Larvik, nær den særmerkte Nanset kyrkje. Der var dei aktive og fekk mange kjære vener heilt til oktober 2024. Då skjedde det uventande at livet brått tok slutt; når livet sa farvel - dit ingen fot går i stilla etterpå.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS